Hopp til innhold

Fryktar tsunami i Aurland

Djupe fjellboringar med avansert utstyr må til for å kartleggje rasfaren i Flåm.

Sprekker i fjellet Stampa i Aurland.

Fjellet Stampa i Aurland er i rørsle.

Foto: Aurland kommune.

Like ved Flåm ligg det største og ustabile fjellpartiet som er registrert i Norge. Skrekkscenariet er at Stampa rasar i sjøen og lagar ei alvorleg og dødeleg flodbølgje.

- Stort fjell i rørsle

Geolog Lars Harald Blikra ved Norges Geologiske Undersøking, vonar boringa kjem igang så fort som mogleg. Han seier at det er viktig for å vere trygg på heile fjellsystemet.

- Det er ikkje ei lita blokk, men eit stort fjell som er i rørsle. Vi må undersøke heile systemet for å finne ut kor djupt det er ustabilt, seier han.

Video nsps_upload_2008_11_11_11_23_41_682.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå Stampa frå lufta. Film: Torje Bjellaas.

Sjå Stampa frå lufta. Film: Torje Bjellaas.

Spelar med opne kort

Området ein fryktar skal rase ut, er estimert til å vere mellom 50 og 200 millionar kubikkmeter stort. I 2005 og 2006 vart det sett opp 22 GPS-punkt i fjellet, og resultata viser både horisontal og vertikal rørsle. Ordførar Olav Ellingsen i Aurland, er samd i at det er viktig å kartleggje rasfaren .

- Det er veldig viktig at ein brukar dei beste fagfolka på desse områda og spelar med så opne kort som mogleg, seier han.

- Ikkje berre "litt"

Fjellet flyttar seg nedover terrenget og ut mot fjorden. Blikra seier at det kan oppstå kritiske situasjonar.

- Det er lite truleg at alt rasar ned, men om ein berre får ein liten del av det, så vil det vere eit stort volum. Då vil det sjølvsagt vere store konsekvensar for busetnad om det utløyser flodbølgje, seier Blikra.