Hopp til innhold

"Heile" kommunen rasfarleg

Undersøkingane viste meir enn kommunen sette pris på.

Vassbygdvatnet, Aurland, Aurlandsfjorden
Foto: Sigrid Gunnarskog

- Vi har kartlagt heile situasjonen i forhold til snøskred, flomsituasjon, flomskred, lausmasseskred og slike ting i forhold til auka nedbør, seier prosjektleiar Bjørn Sture Rosenvol i Aurland kommune.

Aurland er ein av få kommunar i fylket som har budd seg på dei komande klimaendringane. Dei har kartlagt områda i kommunen så godt at det har skapt hovudbry og nye utfordringar.

Les og: Kan hindre flodbølgje

Veldig lite areal

- Det er at vi sit att med veldig lite trygt areal som vi sikkert kan seie ikkje er skredfarleg. Det betyr at du legg band på framtidig arealplanlegging i kommunen og at vi har lite areal att til gode tiltak som næringsutvikling, seier Rosenvold.

Fylkesmannen har bedt kommunane om skjerpa seg når det gjeld å vurdera kor farlege klimaendringane kan bli for utbyggingsområder.

Men Oddvar Flæte er samtidig klar over at dei trygge områda vil bli færre når fleire kommunar set i gang med arbeidet.

Ikkje så god plass likevel

- Tanken vi har hatt om at vi har så veldig god plass er ikkje der nå me tek til å studere dette bildet nærare. Så kjem dei andre avgrensingane som handlar om jordvern og strandvern, så må ein sjå kva ein skal prioritere og er det område ein eigentleg ikkje inn i som ein må inn i, seier Flæte.

Sikring av nye utbyggingsområde på rasfarlege stader kan bli eit alternativ, seier Rosenvold.

- Det kostar pengar, men i framtida må vi tenke sikring, overvaking og så vidare, seier han.