Hopp til innhold

Fryktar stor rømming etter funn av mykje oppdrettslaks

Det er frykt for at det har vore ei omfattande rømming av laks frå eit eller fleire oppdrettsanlegg i Sogn og Fjordane, etter at det dei siste dagane er funne svært mykje oppdrettsfisk ved Osfossen i Gaular.

Rømd oppdrettslaks

LIKE LAKSAR: Laksen som blir fanga ved Osfossen no er svært lik i lengde og vekt. Truleg er det rømt oppdrettslaks.

Foto: Tom A. Wangensteen

Fiskeguide i Gaularvassdraget, Tom A. Wangensteen, er sterkt uroa etter at han og fleire andre stadig finn meir og meir oppdrettslaks ved den kjende Osfossen.

– Laksen vi finn er om lag ein kilo og rundt 50 centimeter lang. Det er små stimar som kjem inn heile tida. I og med at fisken vi får inn har veldig jamn storleik, så er det liten tvil om at det er fisk som har rømt frå eit eller anna anlegg på Vestlandet., seier Wangensteen til NRK.

– Er det mogleg å seie noko om omfanget?

– Det er veldig vanskeleg å seie. Stimane er gjerne ein 10–12 fisk i lag, men det er ganske mange av dei små stimane. Dei kjem inn i elveosen, går ut att og sirkulerer i munningsområdet.

Lite lus på rømt laks

Dei siste dagane har ein klart å fange ein del av det som truleg er rømt oppdrettslaks, og det har vore lite lus på fisken. Noko som tyder på at det er nyrømd laks.

– I anlegga så har dei strenge krav til avlusing, så det er ganske vanleg at når det gjeld nyleg rømt oppdrettsfisk så er det lite lus på dei, seier Wangensteen.

Fiskeridirektoratet har blitt varsla om den moglege rømminga, og har no sett i verk granskingar for å prøve å spore opp kvar laksen kjem frå.

– Vi vil no gå ut prøve å finne ut av dette, og har også bede dei som no fiskar ved Osfossen om å sende oss prøver, opplyser Paul Jacob Helgesen i Fiskeridirektoratet til NRK.

– Ein stor trussel

Tom A. Wangensteen vonar at direktoratet snarast finn ut kvar den rømde fisken kjem frå. Han meiner at rømming frå oppdrettsanlegg blir eit stadig meir utfordrande problem for dei som jobbar med forvaltning av villaksen.

– Vi opplever gang på gang at vi får inn oppdrettslaks som blandar seg inn på gytegrunn. Det er ein stor trussel mot villaksen i Norge, hevdar Wangensteen.