Hopp til innhold

Fryktar ny vinter utan baner

Det tidlege snøfallet kan få store konsekvensar for Førde-fotballen. Leiaren i klubben fryktar snøen no set ein stoppar for dei nye kunstgrasbanene og at det igjen slår negativt ut for dei sportslege prestasjonane.

Før entreprenøren har fått lagt det nye dekket ferdig på idrettsparken, kom det snø. No er ferdigstillinga av den nye bana forseinka.

UFERDIG: Slik ser det ut på den uferdige idrettsparken i Førde. Snøen skapar no problem for klubben.

– Utan brukbare baner til vinteren er det klart vi blir svekka i forhold til motstandarane våre.

– Dei har stort sett gode trenings- og kampfasilitetar heile året, seier leiaren i Førde Fotball, Jo Inge Gåsvær.

– Det har vore lengsel og smerte

Den nye idrettsparken på Hafstad i Førde har vore under planlegging i mange år. No er den endeleg i ferd med å ta form, og fotballklubben i byen håpar i det lengste at kunstgrasbanene skal bli ferdige til vinteren.

Men berre nokre dagar før dei var heilt ferdige skjedde det som ikkje skulle skje. Vinteren kom snikande med snø og minusgrader. Banene manglar framleis den siste nødvendige biten – eit lag med sand og gummikuler.

Skal dei få på dette treng ein fire tørre dagar på rad. Gåsvær håpar i det lengste at banene blir klare til vinteren, og seier at dei bokstavleg talt har lengta etter betre treningsforhold i lang tid no.

– Det har vore lengsel og smerte, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kunstgras på Hafstad Indrettspark
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Har måtte trene alternativt

For med 1300 speleglade medlemmer er det mange fotballspelarar som skal ha treningstid og to nye krøllgrasbaner på Hafstad vil endre mykje.

Dei siste vintrane har for eksempel førstelaget måtte reise land og strand for å ha fotballtrening. Banene i Førde har vinterstid vore så dårlege at det ikkje går an å trene på dei, og i staden har laget måtte låne baner hos nabokommunane.

Spelarane og lagleiinga har også måtte vere kreative for å få til trening for spelarane. Banene dei har hatt til no har nemleg ikkje hatt undervarme.

– Det har vore snø og is på banene og for satsingslaga har vi vore nøydde å drive ein del alternativ trening.

– Spelarane har sprunge i kjellarane på handelshusa, dei har vore på treningsstudio og gått fjellturar for å nemne noko, seier Gåsvær.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kjell Herstad målar snø og is
Foto: Anna Gytri / NRK

Leverandøren har trua

Sist veke var kunstgraset på banene kome på plass, men det manglar altså framleis litt. Øystein Slemdal i DessoSports som leverer banene seier arbeidarane står klare til å kome så snart vêrmeldingane gir klarsignal.

– Vi kan på ganske kort varsel reise over, slik at vi er på plass når vêret tillet det, seier han til NRK.no.

– Kor realistisk er det at dokke får gjort det?

– Vi har som mål å få gjort det. Sjølv om det no er byrja bli vinter rundt omkring, så er vi berre i slutten av oktober. Vi må berre tru at vi får vêr som gjer at vi klarar det, seier han.

Håpar vêret blir den tolvte spelaren

Gåsvær håpar og trur at vêrgudane vert den tolvte spelaren dei treng for å unngå nok ein vinter utan skikkelege treningsforhold.

– Både for damelaget i andre divisjon og herrelaget i andredivisjon så vil ei sesongoppkøyring bli betydeleg meir kronglete utan desse banene, seier han.

Trenar for herrelaget til Førde, Knut Erik Folland, har tidlegare også varsla at dei nye banene er ein viktig føresetnad for at han skal halde fram som trenar.