Hopp til innhold

Tjukk is stoggar fotballtreninga

Eit tjukt islag set ein effektiv stoppar for fotballtrening på kunstgrasbana ved Førdehuset. – Det er krise for Førdefotballen, seier Jo Inge Gåsvær.

Kjell Herstad målar snø og is

TJUKK IS: Kjell Herstad i Førde kommune målar minst 10 centimeter med is på kunstgrasbana utanfor Førdehuset.

Foto: Anna Gytri / NRK

- Aller verst er det for våre aldersbestemte lag som ikkje får trene slik dei skal. Men også A-lagsspelarane går glipp av viktig trening, seier Jo Inge Gåsvær, som er sportsleg administrativ leiar for fotballgruppa i Førde IL.

20 centimeter med tjukk is

Sidan november har kunstgrasbana utanfor Førdehuset vore ubrukeleg. Eit tjukt islag har berre blitt tjukkare og tjukkare, og er no opp mot 20 centimeter på det verste.

Gåsvær seier treningsforholda for fotballspelarane i Førde aldri har vore så dårleg.

Fryktar for plassen i 2. divisjon

Førde rykte opp i 2. divisjon hausten 2009 og er etter Sogndal, det nest beste fotballaget i Sogn og Fjordane.

Men med dårlege treningsforhold vinterstid fryktar Gåsvær at det på sikt kan bli vanskeleg å halde på plassen i 2. divisjon.

- Vi ønskjer å henge med i toppfotballen, og har som mål å rekruttere spelarar frå vår eigen stall. At bana har vore ubrukeleg i vinter har spesielt gått ut over treninga for våre aldersbestemte lag, seier Gåsvær.

(Artikkelen held fram under biletet)

Snø på kunstgrasbana i Førde

IS OG SNØ: Under eit tynt lag med snø ligg isen tjukk. Det er tydeleg langt ned til kunstgrasdekket.

Foto: Anna Gytri / NRK

Øydelegg for spelarane

Og det er nettopp spelarane på dei aldersbestemte laga som etter planen skal bli toppspelarar for Førde i framtida.

Men med ei ubrukeleg kunstgrasbane utandørs har det gått hardt utover treninga.

- Det har blitt litt her og der rundt om kring i gymsalane. Men på ingen måte så mykje og av ein slik kvalitet som vi ønskjer, seier Gåsvær.

Må trene innandørs

Også A-laget til Førde får øydelagt delar av treninga si fordi kunstgrasbana ved Førdehuset er dekt av is.

Den individuelle teknikktreninga plar skje på bana, men har no blitt flytta innandørs.

- Det er noko heilt anna. Ballen har ein heilt anna sprett inne enn på kunstgrasdekke, og dette set oss klart tilbake i forhold til våre konkurrentar, seier Gåsvær.

- Isen kan ligge lenge

Fellestreningane har laget i vinter hatt på banene på Sande og i Eikefjorden.

Og det kan dei måtte halde fram med ei stund til. Isen på bana ved Førdehuset er om lag ti centimeter på det tynnaste og opp mot 20 centimeter langs kantane.

- Det kan nok gå ei god stund til før vi har fått bana fri for is, seier konsulent Kjell Herstad i Førde kommune.

(Artikkelen held fram under biletet)

Innbyttarbenk ved Førdehuset

KALDT: På kanten av bana er det opp mot 20 centimeter tjukk is.

Foto: Anna Gytri / NRK

Kulda har skulda

Han kan ikkje anna enn å beklage at bana er ubrukeleg, og seier den ekstreme vinteren må ta skulda.

- I midten av november slo vêret om frå plussgrader og sludd til minus 7 grader over natta. Den isen som la seg då har vi slite med sidan, seier Herstad til NRK.

Herstad seier kommunen kontinuerleg gjennom vinteren har vurdert korleis dei skal få vekk isen på bana, men at vêret har sett ein effektiv stoppar for arbeidet.

- Det har vore lange kuldeperiodar. Så har det kome litt mildvêr og nedbør, men så har det frose på att. Isen har rett og slett blitt tjukkare og tjukkare, forklarar Herstad.

Første gong sidan 2002

Det er første vinteren sidan kunstgrasdekket vart lagt i 2002, at bana har vore stengt heile vinteren.

I tillegg til at denne vinteren har vore kald, har også kunstgrasbana ved Førdehuset dårleg drenering, forklarar Herstad.

- Det gjer at vatnet sig vekk sakte, noko som igjen gjer at det frys veldig fort, seier Herstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førde stadion

IKKJE KLAR TIL KAMP: Også på Førde stadion er det eit tjukt lag med is.

Foto: Anna Gytri / NRK

Sesongstart for Førde sitt lag i 2. divisjon er 9. april. Også grasbana på Førde stadion like ved, der laget spelar kamp, er dekt av eit tjukt lag av is.

Herstad seier det kan bli tøft å få banene klare til sesongstart.

- Vi er heilt avhengige av mildvêr, og som meteorologane plar seie, det er vanskeleg å spå noko så langt fram i tid, seier Herstad.

Gler seg til ny bane

Gåsvær håpar at dette skal bli siste vinteren at iskaldt ver set ein stoppar for fotballtreninga utandørs.

Til neste vinter håpar han at idrettsparken på Hafstad skal vere klar, då med ei kunstgrasbane med undervarme.

- Det er lyset i tunnelen vår. Så vi håpar at den bana er klar til neste vinter, seier Gåsvær.