Hopp til innhold

Førde får ikkje trene på heimebane

Baneforholda til Førde Fotball sitt 2. divisjonslag er av dei dårlegaste i fylket. Uhaldbart meiner fotballkretsen.

Steinar Tenden og Thor-Jørgen Spurkeland

Førde-spelarane har ingen grunn til å juble for baneforholda. Her frå ein kamp i fjor haust.

Foto: Stig Høynes

Sjølv om laget har sørga for eit etterlengta opprykk til nettopp 2.divisjon, er baneforholda for laget av dei dårlegaste i heile Sogn og Fjordane.

Må reise til Eikefjord eller Sande for å trene langpasningar

Så dårleg er det at dei ikkje får trene på heimebane. Noko som gjer at fotballherrane må hospitere på andre baner i sesongoppkøyringa.

Ei av dei er sjuarbane på Haugum. Den ser lita ut under føtene på vaksne fotballspelarar. Om Førde-kapteinen og dei andre skal trene langpasningar må dei reise lenger.

- For å få spele på stor bane, som vi helst bør, så må vi reise til Eikefjorden eller Sande, seier Førde-kaptein, Steinar Tenden.

Får ilt av å spele på heimebane

For heimebana, Førde Stadion held ikkje mål og gjer vondt for både fotballeggar og lår ifølgje kapteinen.

- Kunstgrasbana på stadion er litt gammal og hard, så trening der har vi berre kutta, forklarar Tenden.

Uhaldbart meiner kretsen

I Sogn og Fjordane fotballkrets likar dei dårleg at Førde som er heimelaget til rundt 1300 fotballspelarar i alle aldrar ikkje har god nok banekapasitet. Kretsleiar Svein Ove Myklebust meiner situasjonen er uhaldbar.

- Behovet i Førde har eg nesten ikkje ord for, det er svært mangelfullt slik det er i dag, seier Myklebust.

Stolar ikkje på lovnadane til kommunen

Også ordførar Nils Gjerland jubla då Førde i fjor haust tok steget opp i ein gjevare divisjon, men gjeve baneforhold lar vente på seg.

- Dette vert jobba med og skal bli betre. Vi har laga planar på Hafstad og går rett inn i detaljplanlegging no, seier Gjerland.

Det har Førde-kapteinen ikkje veldig stor tru på.

- Eg har høyrt om dei planane sidan eg kom til Førde, og eg synst ikkje kommunen har kome så veldig mykje lengre, seier Tenden.

- Har det noko å seie for sesongoppkøyringa at laget ditt ikkje får trene på heimebane?

- Ja, det er klart. Hadde vi fått trene og spelt heimekampar i Førde, noko vi ikkje gjer vinterstid, så hadde det nok vore litt annleis, seier Tenden.