Hopp til innhold

Førde avslutta med siger

Førde avslutta med stil då siste kamp i 3. divisjon blei spelt laurdag ettermiddag. No startar arbeidet mot neste sesong i 2. divisjon.

Førde avslutta med stil då siste kamp i 3. divisjon blei spelt laurdag ettermiddag. No startar arbeidet mot neste sesong i 2. divisjon.

SJÅ VIDEO: Førde-herrane jublar for god sesongsavslutning. Foto: Alf Vidar Snæland - Musikken er henta frå NRK Urørt - J. Eriksen med Svarte svaner.

Heimelaget Førde slo til med kalassiger då dei tok imot Stryn. Heimelaget vann kampen heile 6–1 mot Stryn. Stillinga ved pause var 2–0.

Førde har ei stund vore klar for 2. divisjon og dermed har ikkje motivasjonen vore heilt på topp i det siste.

– Dette blei ei god avslutning på sesongen og det var viktig for oss. Vi har hatt utfordringar med motivasjonen dei siste kampane, men i dag var vi veldig på hogget. Alle hadde lyst å avslutte sesongen på ein skikkeleg måte, seier Førdetrenar Knut Erik Folland.

Han vil særleg skryte av dei yngste spelarane i dag.

– Men det er også veldig bra at dei eldste stod opp for dei yngste, slik at dei unge fekk ei god oppleving.

Målskårar for Førde blei Kristian Fardal Opseth (3), Eirik Fraas, Eirik Kvamme og Thor Erik Nygård. Med hat trick i dag, blei Opseth toppskårar i 3. divisjon med 33 mål. Stryn sitt mål blei skåra av Ruben Garlid.

Treng nye spelarar i alle ledd

I kveld blir det feiring for heile laget, med god mat og fest. Måndag startar arbeidet med å få tak i nye spelarar og få på plass ei målsetjing for livet i 2. divisjon.

– Målet er å klare oss bra der og klore oss fast. Vi må styrkje laget vårt, helst med etablerte spelarar. Vi har eit ganske ungt lag i dag og treng erfarne spelarar som styrkjer troppen.

Troppen må bli breiare og dei treng i alle fall ein ny spelar i kvart ledd. Namn vil han ikkje ut med enno.

– Vi treng nok ein forsvarsspelar, ein angrepsselar og ein på midtbane, seier trenaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førde - Stryn

VANN PÅ HEIMEBANE: Kampen mellom Førde og Stryn enda 6-1.

Foto: Alf Vidar Snæland

Folland har ikkje bestemt seg

Han gler seg til dei nye banane på Hafstad opnar og trur dette vil hjelpe Førde i 2. divisjon.

– Vi ser fram til vi kan trene der. Det er eit fantastisk anlegg. Vi slepp no reisebelastninga med å reise til andre kommunar for å trene. No kan vi ha fullt fokus på treninga, seier Folland.

Han trur også at dei nye og flotte treningsforholda vil hjelpe på med rekrutteringa framover. Folland har sjølv enno ikkje bestemt seg for om han blir med vidare.

– Vi er inne i ein prosess og eg har ikkje bestemt meg. Eg har også andre forpliktingar i livet mitt, så eg får sjå kva det blir til, seier Folland.

Slik gjekk det i 3. divisjonskampane laurdag:

  • Florø SK – Voss 8–1
  • Førde – Stryn 6–1
  • Radøy Manger – Tornado Måløy 3–2
  • Vik – Sotra 0–3
  • Årdal FK – Eid 2–1
  • Øystese – Saga 5–2
  • Bergen Nord – Fyllingsdalen 2 2–2

Saga rykkjer ned

Førde toppar tabellen med 60 poeng. Florø kom på andreplass med 54 poeng. Fyllingsdalen 2 tok 3. plassen med 50.

Nedst finn vi Saga med 25 poeng, Eid med 17 og Bergen Nord med 15 poeng. Det betyr at Førde-laget Saga rykka ned til 4. divisjon.