Førre veke endra regjeringa reglane for kva som er lov å gjere i Sørdalen Naturreservat i Bremanger. Der folk før berre kunne fiske, plukke bær og jakte, er det no lovleg å bygge enorme kraftmaster.
– Vi fryktar regjeringa har sett ein ny standard for korleis vi handterer verna natur i Noreg. Vi trur regjeringa vil bøye av og ofre naturen. Å svekke vernereglane så kraftig, opnar for det same ei lang rekke stader i landet, seier leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken.
- Les også: Trur kraftlinestrid kan vare i årevis
Meiner lina kunne gått utanfor reservatet
Valet av naturreservatet for hovudkraftlina er omstridd, og arbeidet med å byggje lina er stoppa. Grunneigarane meiner det er ulovleg og kjempar mot staten i rettssalen. Haltbrekken meiner kraftlina kunne gått utanfor reservatet.
– Dette viser at regjeringa prioriterer utbygging av kraftliner på kostnad av sårbar natur, også der det finst alternativ, seier naturvernaren.
Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Lars Andreas Lunde (H), seier dette ikkje stemmer, og at dei har følgd opp den rødgrøne regjeringa sitt vedtak om å la kraftlina gå gjennom reservatet. Å vurdere ein ny trasé ville teke for lang tid med kraftmangel i Midt-Noreg, meiner han.
– Vi har ikkje noko større ønske enn den førre regjeringa om å bygge kraftliner i verneområde, heller tvert imot, seier Lunde.
Presedens eller ikkje?
Lunde avviser at regelendringane i eitt naturreservat vil skape presedens. Men i tungtvegande samfunnsmessige saker, kan vernereglane vike.
– Av og til må verneinteressene vike. Det har alltid vore ope for dispensasjon i slike saker, og vil vere det i framtida med dagens naturmangfaldlov. Vedtaket i Sørdalen representerer ikkje ei endring i så måte, seier statssekretæren.
Rasmus Hanson, leiar i Miljøpartiet De Grønne, meiner det er tull når regjeringa hevdar regelendringa ikkje vil få følgjer for andre naturreservat.
– Det er, med respekt å melde, det reine tøv å hevde at ei forskriftsendring som er utført av Miljøverndepartementet ikkje skaper presedens, og tøv å hevde at ein ikkje vil vise til regelendringane i andre saker.