Hopp til innhold

Kraftlinjestrid kan vare i årevis, meiner jusekspert

Rettsstriden om den store kraftlinja gjennom Myklebustdalen i Ålfoten kan bli langvarig, og utbygginga kan i verste fall ta årevis, meiner førsteamanuensis Nikolai K. Winge

Halvferdig kraftlinje i Myklebustddalen

HALVFERDIG KRAFTLINJE: Mastene i Myklebustdalen står førebels som eit monument over ein vond prosess.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Ni grunneigarar i Myklebustdalen i Ålfoten kjempar i retten mot Staten som trassa alle faglege råd og la kraftlinja Ørskog-Fardal gjennom Sørdalen naturreservat.

Winge, som er tilsett ved Norges miljø- og biovitskapelege universitet, slaktar måten Staten har gått fram på. Han meiner den er så ille at Staten for skams skuld burde dekke sakskostnadene til grunneigarane.

Nikolai Winge

– KLØNETE PROSESS: Førsteamanuensis Nikolai Winge.

Foto: NRK

– Det har vore ein både uheldig og klønete prosess frå første dag.

Kjenner seg rettslause

Farsen om linja gjennom Sørdalen naturreservat og Myklebustdalen i Ålfoten har utsett den viktige kraftlinja mellom Sogn og Sunnmøre fleire gonger.

Grunneigarane på Myklebust i bygda Ålfoten kjempar ein hard kamp i rettsapparatet, der Staten har endra spelereglar og gjort nye vedtak i takt med pågåande saker og ynskjet om å få bygt linja så raskt som råd.

Denne veka sa Brynjar Myklebust at han og dei andre åtte grunneigarane kjenner seg rettslause.

– Eg stiller store spørsmålsteikn ved rettstryggleiken til oss som grunneigarar når det blir triksa og miksa med ting alt etter kva som passar.

Brynjar Myklebust

– KJENNER OSS RETTSLAUSE: Grunneigar Brynjar Myklebust.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Nådelaus kritikk

Winge er ekspert innan miljø og forvaltningsrett og er nådelaus i kritikken av Staten si handtering.

Fredag endra Staten forskriftene for Sørdalen naturreservat, noko som aukar sjansane for at Staten vinn rettssaka denne veka i Borgarting lagmannsrett. Men Winge trur likevel at linja kan bli endå meir utsett.

– No har Statnett fått ei forskriftendring som gjer at dei kan bygge, men samstundes har grunneigarane fått dom på at konsesjonsvedtaket ikkje er rettsleg haldbart.

Grunneigarane har alt brukt 3,5 million på advokatutgifter. Winge meiner Staten har seg sjølv å takke om den viktige kraftlinja blir endå meir utsett.

– Så kampen er ikkje over, og denne saka kjem til å trekke ut i lang tid.

– Heilt avgjerande for kraftforsyninga

Men statssekretær Lars Andreas Lunde frå Høgre seier det er rett av Klima- og miljødepartementet å prioritere ei rask framføring av kraftlinja Ørskog-Fardal.

– No har det vore ein veldig lang prosess i denne saka. Det er heilt avgjerande for kraftforsyninga i Midt-Norge og på nordvestlandet at vi får ei sikker og stabil kraftforsyning på plass. Så valgte den førre regjeringa denne trasèen, og vi har ikkje sett det som hensiktsmessig å ta omkamp på dette, noko som ville forseinka bygginga. Det er òg slik at alle dei aktuelle trasevala her ville ha vore kontroversielle.

Lars Andreas Lunde

– LINJA MÅ BYGGAST: Statssekretær Lars Andreas Lunde i Klima- og miljødepartementet.

Foto: Arnstein Jensen / NRK

Hemmelege dokument avsløerer politisk spel

Grunneigarane måtte før jul gå til Høgsterett for å få ut dokument dei meinte å ha krav på innsyn i. Fyrst når dei vann gjorde regjeringa knefall og gav dei i frå seg. Dokumenta viser at alle faginstansar har sagt at lina heller burde gå i Førdedalen, framfor Myklebustdalen. Statnett meinte det, NVE meinte det, det same gjorde Fylkesmannen og fagavdelingane i begge departement. Miljødepartementet meinte endåtil at utbygginga gjennom reservatet truleg var ulovleg,

Likevel gav den forrige regjeringa politisk løyve alt i 2011, også Miljødepartementet var med på avgjerda, syner dei hemmelegstempla dokumenta. I 2012 kom Bård Vegar Solhjell frå SV inn som miljømiinister, og klagen på vedtaket vart behandla av han personleg, og avvist i 2013. Då var bygginga alt i gang.

Solhjell ville i går ikkje kommentere saka, noko som han heller ikkje har gjort på fleire år. Nikolai K. Winge meiner miljødepartementet truleg er og har vore kua av andre interesser.

– Dette viser kanskje at Miljødepartementet ikkje tak ansvaret sitt på alvor, eventuelt at dei er kua av andre departement, og då spesielt Olje- og Energidepartementet.