Hopp til innhold

Fryktar kommunane får rekninga

Statens må leggje friske pengar på bordet, dersom kommunane skal kartleggje alle ras- og flaumutsette område. Det krev KS-leiar Olav Lunden i Sogn og Fjordane.

Ras i Balestrand

SOPT VEKK: Like ved den raude løa stod bustadhuset som måndag kveld vart sopt vekk då eit sørpeskred kom ned elva.

Foto: Steinar Lote / NRK

Regjeringa vil at rasutsette bustader skal kartleggjast. Dei vil samtidig ikkje love friske midlar til formålet og legg ansvaret over på fortvila kommunar.

Lunden er fortvila og trur kommunane står overfor ei nærast umogleg oppgåve.

- Dette er ein veldig utfordrande situasjon. Dersom staten meiner dette er ei nytt område som kommunane må leggje meir vekt på, så må dei bidra med midlar, seier Lunden.

To omkom i sørpeskred i Balestrand

Den tragiske hendinga i Balestrand måndag har sett kartlegging og sikring av hus som står i ras og flaumutsette område på dagsorden igjen.

Eit sørpeskred sopte då med seg eit bustadhus i Balestrand. To personar var heime i huset då skredet kom, og begge vart tysdag funne omkomne.

Gunnar Grøttebø bur i nabohuset, og hadde aldri trudd at området var farleg.

Store nedbørsmengder førte til at elva demma seg opp med mykje snø og is, og då massane til slutt brast var det som ein vegg av is, snø og opprivne tre kom som ei flodbølgje nedover elvelaupet.

- Eg trudde aldri eg skulle oppleve dette. Vi har rekna elva som ganske trygg, spesielt fordi ho renn så djupt i terrenget, seier Grøttebø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras i Balestrand

STENGDE VEGEN: Sørpeskredet i Balestrand stengde fylkesvegen. Det var her vegarbeidarar først fann restar etter bustadhuset.

Foto: Steinar Lote / NRK

Minister ber kommunane kartleggje

Miljøvernminister Erik Solheim gjekk onsdag ut på Dagsrevyen og bad kommunane kartleggje alle rasutsette bustader.

- Eg må sende ei sterk oppmoding til kommunane om å gå gjennom bygningsmassen i kommunane for å sjå kva bustader som er sterkt skredutsette, sa Solheim.

Fryktar kommunane sit att med rekninga

Olav Lunden

SKEPTISK: Olav Lunden i KS i Sogn og Fjordane fryktar kommunane vert sitjande att med ei stor rekning for kartlegginga.

Foto: Leikanger kommune

Men kven som skal ta rekninga for å kartleggje tusenvis av hus som er ras- og flaumutsette over heile landet, det er meir uklart.

Det gjer at KS-leiar Olav Lunden i Sogn og Fjordane fryktar kommunane vert sitjande att med regninga når regjeringa no krev handling.

- Dette vert utfordrande. I forhold til Balestrand var det ikkje eigentleg eit ras som gjekk her. Det var eit elvelaup som proppa seg, og slike elvelaup har vi mange av i Sogn og Fjordane. Skal ein sikre seg mot alle desse, då trur eg staten må bidra med betydelege midlar, seier Lunden til NRK.no.

- Fryktar du at kommunane lokalt vert sitjande att med ei stor rekning?

- Ja, det kan ein risikere, seier Lunden.

- NVE har ansvaret

I Erik Solheim sitt eige departement, Miljøverndepartementet, viser dei til at det er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som har ansvaret for ras og flaumutsette område.

Men i NVE har sjefsingeniør Inge Lavoll og kollegaene allereie eit stramt budsjett.

- Det er tiltaka med mest risiko, og best kostnytte som vert prioritert, seier Lavoll.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flaum i Skjerdalen i 2008

FLAUM: Hausten 2007 gjekk elva forbi garden og over sine breidder og truga med å ta huset til sonen på fjorden i Skjerdalen i Gloppen.

Foto: NRK

Høgre vil endre eigenandelen

Løysinga er enkel, meiner nestleiaren i Stortingets energi og miljøkomité, Høgres Siri A. Meling.

Ho viser til at kommunane i dag må betale ein eigenandel på 20 prosent, men at dette ikkje alltid bør vere tilfelle.

- Vi i Høgre ønskjer å sjå om vi kan ha ei mjukare haldning til denne eigenandelen. Spesielt i dei kommunane der belastninga er ekstra stor i forhold til folketal. Det vil då gjelde mange distriktskommunar, seier Meling.

- Kommunane må ta ansvar først

Politisk rådgiver i Olje- og energidepartementet, Ivar Vigdenes.

KOMMUNANE FØRST: Rådgjevar i Olje- og energidepartementet, Ivar Vigdenes ber kommunane gå først og vise veg. Så skal staten auke løyvingane etter kvart.

Foto: Stortinget

Kommunane får sine overføringar frå kommunal- og regionaldepartementet. Men her er svaret det same som hos Miljøverndepartementet.

Ein viser ein til at det er NVE sitt ansvar å kartleggje ras- og flaumfaren.

NVE er på si side er underlagt Olje- og energidepartementet, og her gir politisk rådgjevar Ivar Vigdenes omsider følgjande svar.

- Det er klart klimaendringane stiller oss ovanfor store utfordringar i åra som kjem. Gjennom plan- og bygningslova er det kommunane som har ansvaret for kartlegginga, og det er viktig at dei går først og viser veg. Så skal vi bidra. Vi har auka løyvingane kraftig dei siste åra, seier Vigdenes til NRK.no.

- Dette kan verte umogleg

Uansett kjem det for seint for skrekkslagne innbyggjarar i Balestrand.

- Dette er slik du berre høyrer og ser på fjernsynet. Det er noko heilt anna når ein får det innpå seg slik, seier Grøttebø.

Eit spørsmål mange stiller seg er om ein kan sikre seg godt nok, og om pengane strekk til. I Sogn og Fjordane er KS-leiar Olav Lunden skeptisk.

- Eg er ikkje sikker på om det mogleg å førebyggje alt dette. Dei fleste buplassane i Sogn og Fjordane er i nærleiken av eit elvelaup. Viss ein ikkje skal kunne busetje seg i nærleiken av ei elv, har vi ei heftig utfordring i vårt fylket.

For Regjeringa vil at rasutsette bustader skal kartleggjast. Dei vil samtidig ikkje love friske midlar til formålet og legg ansvaret over på fortvila kommunar.

Lunden er fortvila og fryktar kommunane står overfor ei nærast umogleg oppgåve.