Hopp til innhold

Bygde huset utan rasundersøkingar

Bustadhuset som vart sopt vekk av raset i Balestrand ville aldri blitt bygd med dagens reglar. Dårleg sakshandsaming gjer at mange bygningar kan vere reine dødsfeller, fryktar fleire fagfolk.

Ras i Balestrand

RASERT: Berre grunnmuren stod att av bustadhuset på Flesje, etter at eit stort skred hadde sopt ned gjennom dalen.

Foto: Arve Uglum / NRK

Huset som vart teke av ras i Balestrand vart bygd på 90-talet, men det vart ikkje gjort rasundersøkingar. I dag hadde det ikkje fått byggjeløyve.

- Eg kan med sikkerheit seie at det ikkje ville blitt byggjeløyve til dette huset med dei reglane vi har i dag, seier plan og utviklingssjef Arne Abrahamsen i Balestrand kommune.

Fleire fagfolk fryktar at det kan stå fleire hus over heile landet som kan bli tekne av ras, utan at kommunane har kartlagt risikoen.

To personar omkom

To personar er funne omkomne etter at eit bustadhus vart teke av eit skred ved Flesje i Balestrand måndag. Restane av bustadhuset vart funne av vegarbeidarar som skulle rydde opp etter eit ras over fylkesvegen.

Husværet vart knust og restane vart liggande under snø, vatn og gjørme langs ei bratt elv ned mot Sognefjorden i Tuftadalen vest for Balestrand sentrum.

Huset er bygd så seint som i 1990, men vart likevel teke av dei veldige naturkreftene.

- Situasjonen er alvorleg

I dag har kommunane krav om at ein ikkje kan byggje hus på stadar der fagfolk er i tvil om det kan kome ras. Men først for vel eitt år sidan vart dette lovfesta.

Over heile landet står det hus som kan bli tekne av ras utan at kommunane har kartlagt risikoen. Skredforskar Lars Harald Blikra meiner situasjonen er alvorleg.

- Norge er eit stort land, og det er mange kommunar og svært mange utsette område. Det vil ta tid og skaffe seg den oversikta og den kunnskapen, seier Blikra til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

- Utbyggjaren sa det var trygt

Ras i Balestrand

NATURKREFTER: Raset var fleire hundre meter langt, og feia med seg eit bustadhus på vegen ned mot fjorden.

Foto: KV Andenes

I Balestrand seier plansjef Arne Abrahamsen at det vart gjort svært enkle vurderingar av rasfaren då huset til sambuarparet vart oppført i 1990.

Dei som jobba i kommunen bestemte seg den gongen for å gi løyve fordi søkjaren sjølv forsikra om at det var trygt.

- Søkjaren vurderte det som trygt, og det var ei skriftleg brevveksling mellom byggesaksbehandlar i kommunen og vedkommande der dette vart vurdert. Utbyggjar har vakse opp på garden, og folk i bygda kjenner heller ikkje til at det har gått ras av eit slikt omfang som på måndag tidlegare, seier Abrahamsen.

Han viser vidare til at vurderingane i forhold til rasfare var annleis den gong.

- Mange hus kan verte dødsfeller

Lars Harald Blikra

KREV KARTLEGGING: Lars Harald Blikra fryktar mange hus kan verte dødsfeller i framtida, og meiner kommunane må kartlegge situasjonen.

Foto: Tone Iversen / NRK

Lars Harald Blikra meiner kommunane må få på plass betre oversikt over kor rasa kan kome.

Arbeidet er dyrt og omfattande, men mildare og våtare vintrar i framtida vil gjere at hus som før stod trygt, kan verte reine dødsfeller.

- Det er kjempeviktig at kvar kommune har ein plan for korleis dei skal få gjort denne kartlegginga, då i samarbeid med statlege styresmakter, seier Blikra.

- Det er kommunane sitt ansvar

Også hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er dei uroa over det dei trur er eit høgt tal husvære som står utsett til for ras.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand og seier at det er kommunane sitt ansvar at husa skal stå trygt.

- Sjølv om det er privatpersonar som byggjer, så er det kommunane som skal gje klarsignal. Kommunane vil aldri kunne fråskrive seg ansvaret for at dei skal ha sett til at det er gjort vurderingar om tryggleiken, seier Stensvand.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras i Balestrand

STENGD: Raset sperra fylkesvegen i Balestrand. Vegarbeidarar som skulle rydde vegen fann då restar av eit bustadhus i rasmassane.

Foto: Steinar Lote / NRK

- Bør kartleggje eldre bustader

Ei ny lov som heiter Sivilbeskyttelseslova stillar sterkare krav til at kommunane skal gjere risikoanalyser. Fylkesberedskapssjefen meiner denne lova bør gjere at kommunane også kartlegg kor rasutsette eldre bustader er.

Dei endelege forskriftene er ikkje endeleg klare, men kjem truleg i løpet av året.

- Mange hus treng ny vurdering

I dagens plan og bygningslov er det klart at nye hus som er innanfor Norges Geotekniske Insitutt sitt såkalla aktsemdkart for skred skal vurderast av geolog. Men det kravet eksisterte ikkje i 1990.

Det gjer at Balestrand kommune meiner at det den gongen ikkje vart gjort nokon formelle feil.

Samtidig slår Abrahamsen fast at med den informasjonen dei sit med i dag er det mange hus i Balestrand som treng ei ny vurdering av tryggleiken.

- Dette burde vore gjort allereie, vedgår Abrahamsen.