Hopp til innhold

Fryktar jordbruksutdanning forsvinn

Bondelaget fryktar nedlegging av jordbruksutdanninga i Sogn og Fjordane.

Mo og Jølster vidaregåande skule.
Foto: Ottar Starheim / NRK

Fylkesrådmannen vil styrke skulen med ei ekstra linje innan bygg og anlegg. Men i skuleredningspakken frå politikarane, er denne linja plassert i Førde.

Per Hilleren

FRYKTAR FOR LANDBRUKET: Per Hilleren meiner jordbrukslinja ved Mo på sikt kan forsvinne.

Foto: Merete Støfring, Sogn og Fjordane bondelag

Bondelagsleiar Per Hilleren trur dette kan bli nedlegging av jordbruksskulen på sikt.

– Det må eg ærleg innrømme. Vi risikerer no å stå att med ein naturbrukslinje som vil bety eit lite fagmiljø. Det gjer det uinteressant å søkje denne skulen. Eg er redd for at politikarane i neste sving rett og slett avviklar heile skulen, seier han.

– Kvifor er dette bekymrimgsverdig for landbruket i Sogn og Fjordane?

– Det betyr at vi ikkje har nokon som er med på å sikre matproduksjonen i dette fylket. Dette kan også gå utover næringsmiddelindustrien. Dei er avhengige av ein god råvaretilgang og dei treng dyktige bønder som produserer topp råvarer.

16. mai presenterte fylkesrådmannen sitt framlegg til framtida til dei vidaregåande skulane i fylket. Fire skular stod på kuttlista, og reaksjonane var sterke.

– Ei fallitterklæring

I etterkant har politikarane jobba fram ei løysing som kan redde dei fleste skulane. Men i løysinga vil dei legge bygg og anlegg til Førde og ikkje til jordbruksutdanninga ved Mo slik rådmannen tilrådde.

Bondelaget meiner dette gjer jordbruksskulen for svak og fryktar ei framtid utan utdanning for dei som vil drive med landbruket i fylket.

– Dette er den einaste konvensjonelle utdanninga vi har i Sogn og Fjordane. Greier vi ikkje ta vare på denne utdanninga i fylket, må elevane ut frå fylket for å finne noko tilsvarande. Dette er eit ei fallitterklæring.

– Kvifor er det så viktig å få bygg- og anleggslinja til Mo?

– Det vil sikre skulen eit langt større søkjartal. Det vil også sikre eit breiare og meir interessant utdanningstilbod som gjer det meir interessant for elevar å søkje Mo. Linjene vil også utfylle kvarandre

Forstår frykta

Karen Marie Hjelmeseter

TEK IMOT INNSPELA: Karen Marie Hjelmeseter (Sp) forstår frykta frå Bondelaget.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Fylkespolitikarane skal neste veke gjere det endelege vedtaket om framtida for skulane, og mange alternativ blir diskutert i desse dagar. Fylkesleiar i Senterpartiet Karen-Marie Hjelmeseter seier ho har forståing for frykta til Hillern.

– Eg ser og høyrer kva nærings seier til oss. No får vi innspel frå ulike kantar og dei må vi ta med i det vidare arbeidet. Eg eg ser frykta og uroa til Hilleren. Blir ein skule ribba, er det lite populært å gå der.

– Kor viktig er det for Senterpartiet å ha ei jordbruksutdanning i Sogn og Fjordane?

– Er det lite attraktivt, kan linja forsvinn. Det er ikkje positivt for næringa.

– Ser du ei moglegheit for å få flytte bygg og anlegg frå Øyrane i Førde til Mo?

– Ingen av partia er ferdigdiskuterte og avgjerda blir ikkje teken før på Fylkestinget neste veke, seier ho.