Planta ein blomst for kvar elev

1200 papirblomster blei planta utanfor Fylkeshuset på Leikanger.

Representantar frå Stryn kommune

BLOMSTER: Det blei planta ein papirblomster for kvar elev i grunnskulen i Stryn. Nadia Kvamme sit til venstre i biletet. Ordførar Sven Flo står bakerst og Arild Bødal frå næringslivet til høgre.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Kvar av blomstrane representerer ein barne- og ungdomsskuleelev i Stryn kommune. På kvar blomster var det namn, bilete og framtidsdraumen til eleven.

– Vi vil at draumane til elevane framleis skal blomstre i Stryn kommune, nær heimen sin, seier Nadia Kvamme som er elevrådsleiar ved Stryn vidaregåande skule.

Saman med Arild Bødal frå næringslivet i kommunen og ordførar Sven Flo var elevrådsleiaren på politikardagen på Leikanger.

Skuleforkjemparar frå heile fylket kom til Leikanger for å snakke for sin skule i samband med forslaget til ny skulebruksplan der skulane i Stryn, Høyanger og Luster står på kuttlista.

Fortalde om hybellivet

Nadia Kvamme gjekk på talarstolen og fortalde si historie då ho flytta på hybel på Sandane. Ho trur det er viktig å fortelje noko ein har opplevd sjølv.

– Eg var skikkeleg motivert for å gå på danselinja og bu for meg sjølv. Men det gjekk ikkje så bra. Karakterane blei dårleg, for eg fekk ikkje den støtta eg trengde. Det eg trengde var mamma og pappa i nærleiken, som å setje meg i gang med leksene, fortalde ho til fylkespolitikarane.

Til slutt flytta ho heim igjen og byrja på vidaregåande skule i Stryn. Kvamme meiner det var viktig å få fram det med hybellivet. For sjølv om det berre er 40 minutt frå Styn sentrum til skulen i Eid, er det mange i utkantane som vil få mykje lengre reiseveg.

– Eg som var motivert, droppa ut. Korleis blir det med dei som ikkje er motivert for å flytta. Dei som treng det, bør få bu heime så lenge dei vil. 16-åringar skal ikkje bli kasta ut i eit vaksenliv om dei ikkje er klare for det.

Fekk applaus

Ho følte det gjekk bra i dag og fekk fram det ho ville. Då Kvamme var ferdig, fekk ho applaus som den første i dag.

– Det var veldig kjekt og eg håper eg nådde fram med bodskapen min.

– Trur du at de vil lykkast med kampen for skulen?

– Den skal lykkast, for vi treng skulen vår. Vi håper det beste og vil ikkje tenkje det verste.

Ordførar krev nærleik

Også ordførar Sven Flo gjekk på talarstolen for å få fram sin bodskap. Han fortalde om vala han og familien gjorde for 11 år sidan då dei flytta til Stryn.

– Skuletilbod, sjukehus og moglegheit for jobb var viktig for oss. Det er ikkje sikkert vi ville flytta hit utan desse tilboda, seier han.

Flo la også vekt på at tal frå SSB viser folketalsauke i Stryn mot 2040.

– Den vidaregåande skulen har bidrege til vekst i indre Nordfjord. Vi vil behalde ungdommen våre heime og ikkje sende dei på hybel. Både vi og næringslivet ønskjer nærleik til skulen, seier Flo.

Er i dialog

Ordføraren trur Stryn blir berga og seier dei er i dialog med dei tre andre Nordfjord-skulane om framtida og framtidig elevtalet.

– Den livskrafta som er i samfunnet vårt er unik og fantastisk. Men sjølv om eg får gode signal i gangane her på Fylkeshuset, kan eg ikkje ta noko for gitt. Her må det kjempast med nebb og klør framover.

Kjempar kvar dag

Arild Bødal frå næringslivet i Stryn seier dei kjempar kvar dag for å skaffe kvalifisert arbeidskraft.

– Vi jobbar mot skulen og skulen mot oss. Det er over 20 samarbeidsavtaler mellom skulen og oss i næringslivet. Det er heilt utenkeleg å sjå for seg ein situasjon der elevane skal gå på andre skular, seier han.

Politikardag på fylkestinget

POLITIKARDAG: I dag var fylkestinget samla for å få innspel til den nye skulebruksplanen.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK