Hopp til innhold

Fryktar han går glipp av Planica

HOLMENKOLLEN (NRK): I verste fall må Anders Fannemel bruke fleire veker på å bli frisk etter skaden han fekk under ei landing i Lahti. Truleg må han hoppe skiflyging med smerter om han vil kjempe om verdscupsigeren samanlagt i Planica.

Anders Fannemel i salongen på Park hotell

PÅ FEIL STAD: Det var ikkje her Anders Fannemel skulle vere i helga. Men 23-åringen bestemte seg for å droppe renna i Holmenkollen for å vere betre rusta til å kjempe om verdscupsigeren under avsluttinga i Planica.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Når eg legg vekt på framsida av låret, så tar det veldig tak i ei scene under kneskåla. Det er veldig vondt, og eg klarer ikkje å yte 100 prosent, seier Anders Fannemel.

Verdsrekordhaldaren sit i salongen på Holmenkollen Park Hotel og peikar på det vonde kneet som er i ferd med å øydeleggje sesonginnspurten. Han skulle helst ha vore med dei andre hopparane i verdscupsirkuset i nasjonalanlegget like ved.

– Eg hadda gleda meg veldig til denne helga. Eg har hatt lyst til å vise meg skikkeleg fram, etter at eg har hatt dårlege opplevdingar her før. I fjor fall eg, og året før vart eg sett ut av laget, seier Fannemel.

Skal til ny undersøking på måndag

På grunn av kneskaden han fekk under landing i Lahti for ei vekes tid sidan, måtte han stå over i Kuopio. Skaden hemma han også i Granåsen på torsdag. Difor bestemte han seg seint fredag for å droppe renna i Holmenkollen for å vere best mogleg rusta til avsluttinga i Planica kommande helg.

Der kan det hende den ferske verdsrekorden hans står i fare. Fannemel vil svært vere med og gjere nye lange hopp - og kjempe om samanlagtsigeren i verdscupen i skiflyging.

– Det er venta nye og lange hopp i den heilt nye bakken der, og eg vil gjerne vere med på det. Men eg har ikkje så god tid som eg burde hatt, seier 23-åringen.

– I verste fall ryk også Planica?

– Ja. Eg skal på ein ny sjekk på måndag, så får vi sjå om det har skjedd noko sidan sist.

Anders Fannemel på veg ned trappa

SMERTER: Det gjer ikkje godt å gå i trapper med skade i eit kne. No håpar Anders Fannemel at han er klar til å hoppe i Planica om ei veke.

Foto: Rune Fossum / NRK

Kan måtte droppe rennet i Planica

– Eg hadde håpa å kjempe om samanlagtsigeren i verdscupen i skiflyging. Og Planica er kanskje det rennet vi gler oss aller mest til, med 60.000 tilskodarar og påskestemning i bakken, seier Fannemel.

Han håpar skaden skal gå fort over, men fryktar det kan ta mellom tre veker og heile sommaren før han er heilt kvitt problemet.

– Om eg hoppar i Planica, blir det nok med smerter i kneet. Om skaden ikkje blir verre, er det greitt. Men går det utover kneet, så droppar eg konkurransane, seier Fannemel.