NRK Meny
Normal

Fryktar dårleg system for naudstraum kan setje liv i fare

Systemet for naudstraumen ved sentralsjukehuset i Førde har svikta fleire gonger. Både fylkeslegen og fylkesberedskapssjefen meiner situasjonen er uhaldbar.

Førde sentralsjukehus

UTAN STRAUM: Tre gonger sidan 2008 har sjukehuset i Førde blitt ståande utan straum når naudstraumsystemet har svikta.

Foto: Øystein Tveiten

Sidan 2008 har det vore tre hendingar der naudstraumen ved sjukehuset i Førde ikkje har kopla inn slik han skal.

Dette er ikkje godt nok, meiner fylkesberedskapssjef i Sogn og Fjordane, Haavard Stensvand, som seier slike hendingar i verste fall får følgjer for liv og helse.

– Skrekkscenarioet når det manglar straum på eit sjukehus er at folk døyr av det, seier han.

– Ein alvorleg situasjon

Det er i den ferske risiko- sårbarheitsanalysen for Sogn og Fjordane at det blir sett søkjelys på naudstraumsituasjonen i Helse Førde.

Både i august 2009, januar 2010 og desember 2011 har det vore svikt i naudstraumsystemet ved sentralsjukehuset i Førde.

Fylkeslege Per Stensland deler uroa til fylkesberedskapssjefen.

– Eg synest dette skildrar ein veldig alvorleg situasjon som har skjedd fleire gonger. Det er lett å tenkje seg at ein slik situasjon kan få store medisinske konsekvensar, seier Stensland til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fylkeslege Per Steinar Stensland

ALVORLEG: Fylkeslege Per Stensland seier situasjonen er alvorleg.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Nytt anlegg klart i 2014

Arild Fålun, direktør for drift og eigedom i Helse Førde, vedgår at dette ikkje er bra nok.

– Nei, det er ikkje bra, og det er sjølvsagt kritisk, seier Fålun.

Eit nytt naudstraumanlegg skal stå klart til bruk ved Førde Sentralsjukehus sommaren 2014.

Vil ha svar

Men dette er ikkje godt nok for fylkeslege Per Stensland. Han vil be om ei orientering frå Helse Førde om korleis naudstraumsituasjonen skal løysast fram til det nye anlegget er på plass.

– Helseføretaket er pålagt å ha ein beredskapsplan slik at dei kan drive fagleg forsvarleg.

– Ut frå dei opplysingane eg får etterspør eg korleis dei i tida framover kan sikre at dei driv fagleg forsvarleg slik det er no, seier Stensland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand, Sogn og Fjordane

ANSVAR: Haavard Stensvand seier dei ventar at helseføretaket sikrar at dei har naudstraumsystem som fungerer.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Problem med brytarar

Fålun har følgjande forklaring på at det har vore gjentekne problem med naudstraumanlegget.

– Naudstraumaggregata har fungert som dei skulle, men vi har hatt nokre nettbrytarar som av forskjellige årsaker ikkje har slått inn på delar av anlegget.

– Det er det som er utfordringa, aggregata har fungert, seier han.

Han vil ikkje spekulere i kor vidt liv kunne gått tapt som følgje av at sjukehuset i periodar har blitt utan straum.

– Kostbart og tidkrevjande

– Det har vore tre episodar sidan 2009, kvifor er det ikkje rydda skikkeleg opp i?

– Det å byggje eit nytt naudstraumsystem er kostbart. Det krev store investeringar og tek tid å planleggje, seier Fålun.

– Kva gjer de fram til det nye systemet er på plass sommaren 2014?

– Vi har ei vaktordning slik at vi har folk til stades eller i umiddelbar nærleik. Samtidig køyrer vi testar av anlegget med jamne og planlagde mellomrom, seier han.

I tillegg har dei gjort endringar for å sikre at dei har kapasitet nok til dei mest kritiske områda på sjukehuset. Fålun seier dei også har etablert betre service på dei nettbrytarane som tidlegare har svikta.

Ventar at Helse Førde ryddar opp

Men fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand er ikkje nøgd med situasjonen og ventar at Helse Førde ryddar opp.

– Det handlar veldig ofte om liv og død på eit sjukehus. Anten det er under operasjon eller at medisinsk-teknisk ustyr har behov for straumtilførsel.