Hopp til innhold

Sentralsjukehuset mørklagt

Førde sentralsjukehus var utan straum i halvannan time torsdag ettermiddag. Administrerande direktør i Helse Førde Jon Bolstad vedgår at situasjonen var skremmande.

Førde sentralsjukehus
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Jon Bolstad
Foto: Roy Fauske, Helse Førde

Sjukehuset vart mørklagt samstundes som heile Førde miste straumen. Ein teknisk feil ved eit naudaggregat førte til at heile sjukehuset vart mørklagt. Polikliniske konsultasjonar måtte utsetjast og heile data-anlegget måtte koplast ned.

Les og: Straumen tilbake i Sunnfjord

- Naudaggregatet starta som det skulle då straumen i Førde fall ut. Men så skjedde det som ikkje skal skje, nemleg at aggregatet ganske kort tid etterpå stoppa å verke. Det betyr at vi fekk ein krevjande situasjon sidan vi driv med pasientbehandling, seier Jon Bolstad til NRK Sogn og Fjordane.

Ingen vart skadde

- Heldgivis vart situasjonen takla godt av dei tilsette, slik at vi fekk avslutta operasjonar og ein del andre behandlingar som krev straum. På grunn av dette måtte vi og sende heim pasientar. Det er veldig beklageleg.

- Var liv eller helse i fare?

- Det vil alltid vere slik på eit sjukehus at når vi får eit så omfattande straumbrot som dette, så vil det alltid vere ein risiko for at det kan oppstå pasientskader, men det ser ut som om det gjekk bra denne gongen.

- Skremmande oppleving

- Korleis er det å oppleve noko slikt?

- Eg må vedgå at det var ei ganske skremmande oppleving.

Bolstad seier at han har fått forsikringar om at feilen er retta opp.

- Vi vil likevel bruke tid på å gå gjennom og analysere kva som skjedde for å vere heilt sikre på at noko slikt ikkje skal skje igjen.