Hopp til innhold

Fryktar drone skal treffe helikoptera

FØRDE/GAULAR (NRK): Pilotar ved luftambulansen fryktar dei kjem til å kollidere med dronar. For skjer det, kan konsekvensane bli store.

Pilot Hans Ivar Kubberød fryktar drone mot ruta

FRYKTAR ULUKKER: Ein drone kan gjere stor skade og pilot Hans Ivar Kubberød seier folk må ta ned dronane om dei høyrer helikopter.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

– Dronen kan lett treffe kritiske deler på helikopteret og øydelegge desse. Då kan det bli vanskeleg eller umogleg å ha kontroll over helikopteret etterpå, seier pilot Hans Ivar Kubberød.

Dronar dei siste åra blitt allemannseige. Hos luftambulansen i Førde vil dei at dronebrukarar set seg inn i reglane og tek omsyn overalt der dei flyg. Det er klare reglar, men Kubberød seier at dei fryktar droneeigarar utan kunnskap om regelverket.

– Dronar har kome for å bli og utviklinga er enorm. Vi er opptekne av at desse må brukast på ein trygg og sikker måte.

Politimelder

Oppdaga ulovleg droneflyging

FEM KM: Det er ei tryggleikssone på fem kilometer rundt flyplassen.

I helga mista ein tysk turist kontrollen over dronen si i nærleiken av Førde lufthamn på Bringeland i Gaular. I tårnet visste dei ingenting om det som skjedde.

Avinor har no politimeld hendinga, seier Joachim Malterud ved politiet i Førde.

– Vi vil etterforske saka og finne namnet på turisten som flaug denne dronen, seier han.

Vil ha beskjed

Ifølgje reglane kan du ikkje fly nærare enn fem kilometer frå lufthamner utan avtale. Lufthamnsjefen Kjell Otto Gjesdal ved Førde lufthamn meiner reglane er gode nok.

– Det er godt informert om reglane både på luftfartstilsynet sine nettsider og eigne sider for droneklubbar, Vi skal ikkje nekte folk å flyge, men vi må få beskjed om kvar dronane er slik at vi kan varsle dei som flyr. Vi må ha tryggleiken i fokus.

Det er andre gong på fire månader at Avinor politimelder ei slik hending, og det vil dei halde fram med.

– Når det er til fare for flytrafikken slik som på søndag, så vil vi det.

Godt råd til droneflygarar

Seksjonssjef Bente Heggedal i Luftfartstilsynet seier mange tek seg dronen på ferie utan å tenke over reglane for droneflyging.

– Samstundes får vi mange førespurnader frå turistar som skal med Hurtigruta eller på fjelltur til dømes og som lurer på om dei kan ta med dronen si. Då er det greitt å ha lett tilgjengeleg informasjon på nettsidene våre

Helikopterpilot Hans Ivar Kubberød har eit godt råd til alle som flyg med dronar.

– Om du ser eller høyrer eit helikopter, få dronen på bakken så fort som mogleg.

Ein tysk turist mista i helga kontroll over drona sin i innflygninga til Førde lufthavn Bringeland.

SJÅ VIDEO: Ein tysk turist mista i helga kontroll over dronen sin i innflyginga til Førde lufthamn. Reporter: Turid Astrid Reksten. Foto/red: Turid Astrid Reksten og Fredrik Johan Helland.