Hopp til innhold

Fryktar at fleire får livmorhalskreft

Unge kvinner i Sogn og Fjordane er blant dei dårlegaste i landet til å ta regelmessige celleprøvar frå livmorhalsen.

Utstyr for å ta celleprøve av livmorhals

PRØVEUTSTYR: Denne «penselen» blir brukt til å samle overflateceller frå livmorhalsen. Deretter blir cellene sendt til eit laboratorium, der dei ser etter unormale celleendringar.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

– Livmorhalsprogrammet har definitivt vore med på å senke talet på livmorhalskreftdiagnosar i Noreg. Hadde vi ikkje hatt programmet, antar vi at vi hadde hatt 70 % fleire tilfelle av kreftformen, seier Amelie Tropé.

Ho er leiar av livmorhalsprogrammet, som sidan 1995 har tilbydd kvinner frå 25 til 69 år å ta regelmessige celleprøvar frå livmorhalsen. No er ho bekymra for unge kvinner i Sogn og Fjordane.

– Det bekymrar oss at deltakinga har blitt lågare dei siste åra. Berre i Finnmark deltek færre unge kvinner i programmet, seier ho.

Gir unike mogelegheiter

Fastlege Ingrid Ytrehus tar opp til fire celleprøver om dagen frå pasientar. Ho ser at dei fleste kvir seg, men understrekar likevel kor viktig prøven er.

– Det spesielle med desse prøvane er at ein kan avsløre byrjande sjukdom lenge før ein får symptom. Dette gir unike mogelegheiter til å starte tidleg med behandling, seier ho.

Fastlege Ingrid Ytrehus

DAGLEG ARBEID: Fastlege Ingrid Ytrehus har tatt fleire tusen celleprøvar i løpet av karrieren sin.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

Også Tropé er klar på at celleprøven er viktig. Ho erfarer at mange trur celleendringar er det same som kreft, noko som ikkje er tilfellet.

– Celleprøven gjer at vi kan oppdage endringar og gi eventuell behandling før det utviklar seg til kreft, fortel ho.

Ba om å ta prøven før invitasjonen kom

– Eg er veldig oppteken av at unge jenter må ta celleprøven, seier Ina Christin Smørdal.

Ho studerer i Bergen, men brukte biblioteket på Høgskulen i Sogn og Fjordane då NRK møtte henne.

Ho er berre 24 år, og har enno ikkje fått invitasjon til å delta i programmet. Likevel har ho allereie tatt prøven.

Ina Christin Smørdal

TRUR KAMPANJAR ER VIKTIG: – Både Jenny Skavlan og Thea Steen har vore viktige for at eg veit om Livmorhalsprogrammet, seier Ina Christin Smørdal

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

– Eg spurte fastlegen min om å få ta prøven, fordi eg synest det er viktig. Det har også vore ein del fokus på det, med #sjekkdeg-kampanjen og Thea Steen sin blogg, seier ho.

Ho synest det er skremmande at så få unge kvinner i Sogn og Fjordane tar celleprøvane.

– Det er viktig å minne kvarandre på å teste seg, sjølv i små samfunn.

Trur studieval betyr noko

Stine Marie Systaddal Høydal og Celina Storheim Nilsen er sjukepleiarstudentar og jobba med eksamen denne dagen, men ville likevel dele tankane sine om livmorhalsprogrammet med NRK. Dei to 21-åringane har begge tenkt å ta celleprøven med ein gong dei får invitasjonen.

– Eg veit ikkje kvifor deltakinga er låg, men det kan jo hende at folk tenker «dette kjem ikkje til å skje meg», seier Systaddal Høydal.

Stine Marie Systaddal Høydal og Celina Storheim Nilsen

VIL TA PRØVEN: – Det er veldig greitt for oss å ha den kunnskapen som prøven gir, at alt er i orden og at vi ikkje har noko å bekymre oss for, seier Celina Storheim Nilsen.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

Dei to sjukepleiarstudentane trur studievalet har påverka dei i synet på celleprøven.

– Vi har jo lært veldig mykje om kva som skjer i kroppen, men det er ikkje sikkert at alle andre tenker så mykje på det, seier Systaddal Høydal.