Hopp til innhold

Frykta sigeren skulle ryke siste kvarteret

(FLORØ – SOLA: 2-1): Florø-trenar Terje Rognsø legg ikkje skjul på at han var redd ting skulle gleppe mot slutten. Med ein mann mindre sikra kystklubben til slutt full pott.

Terje Rognsø

STOD IKKJE STILLE: – Du kjenner at du lever, seier Florø-trenar Terje Rognsø lattermild om siste kvarteret av kampen mot Sola. Han frykta poenga kunne gleppe mot slutten då gjestane hadde ein mann meir på bana etter ei utvising.

Foto: TRULS KLEIVEN

– Det blei hektisk det siste kvarteret med ein mann mindre. Det var å henge i det heilt inn, og det klarte vi. Heldigvis, seier Rognsø.

Med det tok Florø nye tre poeng og heng med Nest-Sotra i toppen av avdeling 3 i 2. divisjon.

God start, men så...

Det var eit av botnlaga som kom til grasmatta i Florø søndag ettermiddag, men gjestane let seg ikkje køyre over.

– Vi fekk ein god start og tok leiinga tidleg. Det såg dermed veldig bra ut. Men mål pregar kampar, og då dei fekk ein corner dei skåra på fekk dei litt ekstra energi. Samtidig som vi ikkje fekk det heilt til, seier Rognsø om første del av kampen.

Han skildrar førsteomgangen som jamn, men fekk stramma opp karane i pausen.

– Vi var ikkje heilt nøgde då vi gjekk til pause. Vi følte at vi spelte med litt høge skuldrer og ikkje torde, seier han.

Fekk skjelven etter utvising

Og frå dommaren bles i gong andre omgang såg ting litt annleis ut. Florø skapte mykje og spelte ifølgje Rognsø tidvis veldig god fotball.

– Det var eit tidsspørsmål før vi skåra. Vi fekk den til slutt på straffe, seier Rognsø og legg til at dei truleg hadde skåra også utan dommaren sin inngripen.

Etter dette kunne Florø ha skåra fleire mål, i staden fekk Erlend Hove sitt andre gule kort og måtte forlate bana. Med ein mann mindre sette det sitt tydelege preg på spelet.

– Det er ikkje meir enn ein mann mindre, men det er litt psykologi i dette spelet. Du blir litt redd når du leiar og har noko på gang, seier Rognsø.

– Det var ikkje noko komfortabel kjensle, seier han om dei siste minuttane.

Håpar å henge med Nest-Sotra

Etter sigeren i dag blir Florø ståande med 20 poeng på tabellen, dermed er det framleis fire poeng opp til tabelltopp Nest-Sotra som har 24.

Det er tre kampar att til sommarpausen, Vålerenga 2 borte, Vidar heime og til slutt Nest-Sotra.

– Nest-Sotra er framleis eit betre lag enn oss, men håpet er å klare å henge med dei. Klarar vi det skapar vi interesse og spenning, og det er det vi jobbar for.