Hopp til innhold

Ikkje ein gong rå muskelkraft stogga Kupen

FØRDE (NRK): To mål av Endre Kupen, og eitt kvar på brørne Erlend og Runar Hove var ikkje eitt mål for mykje i oppgjeret mellom Førde og Florø.

Endre Kupen

TOPPSCORAR: Med to scoringar mot Førde passerte Endre Kupen Nest-Sotras Adnan Cirak på toppscorarlista i 2. divisjon avdeling 3.

Foto: TRULS KLEIVEN

Diverre for heimelaget, var alle scoringane signert Florø-spelarar. Til pause var det målet til Erlend Hove som skilde dei to laga.

Etter kvilen gjorde Florø som dei ville mot eit tafatt Førde-lag, og var nærare 5–0 enn vertane var scoring.

– Første 20 minuttane var det mykje rot og ikkje fotball i det heile. Vi er heldige og får ei scoring. Så kjem vi ut i andre omgang, får vinden i ryggen og køyrer over dei. Det skulle vore meir enn 4–0. Var det ikkje fire, spør Florø sin tomålshelt frå Nordfjord, Endre Kupen.

Florø valsa over erkerival Førde i 16. mai-kampen i 2. divisjon. Her scorar Endre Kupen si andre scoring og klatrar opp som toppscorar i avdeling 3.

VIDEO: Slik jublar du når du har knust erkerivalen 4–0 på bortebane. Den som starta heile feiringa var tomålsscorar Endre Kupen. (FOTO: ODDLEIF LØSET/NRK)

– Greitt med 4–0 mot Førde

Endre Kupen

STORKOSA SEG: Endre Kupen fekk ei stor oppleving på Førde stadion, og det var ikkje berre dei to måla som påverka han. – Heilt spesielt å komme inn og musikken står på full rulle. Du høyrer ikkje kva du sjølv seier. Det fyllest opp og då kjenner du det heilt ned i tærne, stråla han etter storsigeren.

Foto: TRULS KLEIVEN

I alt 2 503 tilskodarar, jamt fordelt mellom Førde- og Florø-patriotar, hadde teke turen til Hafstadparken.

– Det er alvorleg mykje folk, seier Kupen og kan konstatere at i alle fall halvparten av tilskodarane fekk valuta for pengane – og turen.

Erlend Hove og Florø feirar første av fire mål.
Foto: TRULS KLEIVEN

– Det kunne fort vore seks-sju null, men det er greitt med 4–0 borte mot Førde på 16. mai. Det er herleg. Heilt konge. Eg fekk fem minuttar i fjor, så det er første gang eg er skikkeleg med på dette, legg han til etter Florø sin sjette seriekamp utan tap i år.

Sleit med Kupen

Sjølv kan Kupen titulere seg avdelingas toppscorar etter to mål mot Førde. Allereie er han oppe i like mange som i heile fjor – sju mål. Det eine frå 11-metersmerket, etter ei straffe han sjølv sytte for. Førde-kaptein Joachim Kvist kom på etterskot mot det raske uromomentet frå Selje.

Endre Kupen er toppscorar i 2. divisjon avdeling 3 etter denne straffa.

VIDEO: Slik klatra Endre Kupen til topps på toppscorarlista for 2. divisjon avdeling 3. – Eg burde hatt fleire mål, vedgår seljeværingen. (FOTO: ODDLEIF LØSET/NRK)

– Situasjonen er utanfor, men dommaren dømmer det innanfor, men det er nok vanskeleg for han å sjå. Akkurat no kjennest det berre heilt forferdeleg ut. Vi fell heilt igjennom i andre omgang, seier ein tydeleg skuffa Kvist.

– Var det Kupen som vart avgjerande?

– Tja, han gjer to mål, er ein god spelar og jobbar godt. Vi skaper nesten ikkje sjansar, medan han skapar mykje på eiga hand.

– Endre herjar

– Endre herjar. Han sleit litt i starten, men no har han kome som ei kule i år. Han er betre enn nokon gong, rosar Florø-trenar Terje Rognsø og legg til:

Terje Rognsø

FUNGERTE: – Kampplanen fungerte nesten skremmande godt. Vi var godt budde, skulle ikkje forhaste oss og etter kvart viste vi at vi er overlegne i fart – sjølv om vi var utan våre tre raskaste spelarar, jubla Florø-trenar Terje Rognsø (t.h.) etter kampen.

Foto: TRULS KLEIVEN

– Vi ser det heile tida. Store midtstopparar har store vanskar med å handtere han, og då er det om å gjere for oss å mate han rett. Tempomessig er han ekstremt bra på dei første meterane, og så har han veldig bra teknikk.

– Snakkar vi opprykk no?

– Nei, eg har sagt heile tida at Nest-Sotra blir tøffe, men eg håpar at vi er der oppe.

Førde nest sist

Toppscorar Kupen er meir optimist. Etter kampen i dag er Florø eitt poeng bak serieleiar Nest-Sotra.

Dei over 2 500 tilskodarane var jamt fordelt mellom dei to leirane. Florø-supporterane trekte det lengste strået.

SJÅ VIDEO: «Stimen» frå Florø fekk mest å juble for både under og etter 16. mai-oppgjeret mellom 2. divisjonslaga Førde og Florø. (FOTO/REDIGERING: ODDLEIF LØSET/MARIE STAFSNES OSLAND/NRK)

– Det er litt tidleg endå, men vi har ikkje tapt til no og skal ikkje tape. No har vi Lysekloster heime neste helg, og då skal vi køyre på der også. Eg håpar på mange mål, seier han.

For Førde og kaptein Kvist er det derimot trist sorti med berre to poeng på fem kampar. Laget er nest sist i divisjonen.

– Vi har slite med å score sidan starten, men vi har halde tett. No har vi byrja å sleppe inn mål, samstundes som vi slit med å skape sjansar. Vi har litt å jobbe med, konstaterer han.

Laster innhold, vennligst vent..