Hopp til innhold

No opnar FrP for at Preben skal få byggje huset han drøymer om

Framstegspartiet opnar no for at Fylkesmannen sitt nei til husplanane til Preben Birkeland Søreide må gjerast om. Fylkesmannen inviterer no Søreide til finne ei løysing.

Preben Birkeland Søreide fremst. Bak Petter Sortland (t.v.) og Arve Søreide

VIL BYGGJE: Preben Birkeland Søreide (t.h) vil byggje hus i heimbygda som den første på 19 år.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Byggjestriden har no hamna på bordet til landbruksminister Bård Hoksrud frå Framstegspartiet og partifelle og landbrukspolitisk talsmann for partiet på Stortinget, Morten Ørsal Johansen, er ikkje i tvil om kva han meiner må skje.

– Preben må be kommunaldepartementet gjere om vedtaket til fylkesmannen, seier han, og viser til at saka er kommunaldepartementet sitt ansvar då den fell inn under plan- og bygningslova.

– Opnar du no for at kommunalministeren og eller landbruksministeren kan kome til å gjere om vedtaket til Preben?

– Ja, altså det ... No får han ... Han må gå jo gå den rette vegen. Og som sagt har eg vore i kontakt med statsråden som no er i dialog med kommunaldepartementet, så får vi sjå korleis dei klarer å løyse saka, seier Ørsal Johansen til NRK.

Fylkesmannen sa nei to gonger

Måndag kunne NRK fortelje om Preben Birkeland Søreide som ikkje fekk lov å skilja ut ei tomt på garden til foreldra på Søreide i Høyanger. Kommunen sa ja, men Fylkesmannen overprøvde vedtaket og sa nei – to gonger.

Ørsal Johansen er personleg ikkje eit sekund i tvil om at Søreide må få skilje ut tomta slik at får bygt huset.

– Eg synest absolutt at det bør bli ei løysing slik at dei får byggje, seier han, og viser til at Framstegspartiet alltid har vore tydelege på at det bør utøvast skjønn i denne typen saker.

– Utidig kritikk

Derimot meiner han Senterpartiet vinglar i saka. Han kallar partiet sin kritikk av vedtaket til fylkesmannen for utidig.

Morten Ørsal Johansen

SEIER JA: Landbrukspolitisk talsmann i Framstegspartiet, Morten Ørsal Johansen.

Foto: Alexander Nordby / NRK

– Vedtaket er resultatet av ein vilja politikk frå fleirtalet på Stortinget. Senterpartiet, som har gått ut og kritisert vedtaket, har jo sjølve føreslege at fylkesmennene skal behandle denne typen saker mykje strengare og at dei aktivt skal bruke innvendingar i jordvernsaker. Og når dei gjer det, ja, så vert fylkesmannen kritisert av det same Senterpartiet.

– Navarsete er på feil jorde

Ørsal Johansen er ikkje nådig i kritikken av stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete som i denne spesielle saka vil setje tilsides omsynet til jordvernet.

– Her vil eg seie at Navarsete ikkje berre er heilt på jordet, ho er til og med på feil jorde. Dette er faktisk ei sak som vert behandla under plan- og bygningslova og det er Kommunaldepartementet som har ansvaret for det, og ikkje Landbruksdepartementet. Ho bommar heilt. Eg trur Senterpartiet ikkje heilt veit kva dei sjølve vil, hevdar han.

Vil sjå på saka på nytt

Fylkesmannen melde tysdag ettermiddag at dei no vil sjå på saka på nytt.

– Vi ønsker no på nytt å sjå på moglegheitene for å byggje eit bustadhus med utgangspunkt i at vi tidlegare i saksgangen ved fleire høve har peikt på alternative plasseringar og løysingar, skriv fungerande assisterande fylkesmann, Christian Rekkedal.

Dei har no vore i kontakt med med ordføraren i Høyanger og avtala at dei vil be søkjaren om ei synfaring for i lag å sjå på dette.

– Deretter vil vi saman med kommunen, som ansvarleg planstyresmakt, vurdere eventuell vidare oppfølging.