Hopp til innhold

Sp: Av og til er tilflytting viktigare enn jordvernet

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet vil ta saka til Preben Birkeland Søreide opp med landbruksministeren.

Liv Signe Navarsete

VIL BRUKE SKJØNN: Liv Signe Navarsete er stortingsrepresentant for Senterpartiet.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Eg vil stille spørsmål til statsråden om korleis han ser på det å i spesielle tilfelle omdisponere landbruksjord til bustadføremål.

Måndag kunne NRK fortelje om Preben Birkeland Søreide som ikkje fekk lov å skilja ut ei tomt på garden til foreldra på Søreide i Høyanger. Kommunen sa ja, men Fylkesmannen overprøvde vedtaket og sa nei – to gonger.

– Sjølv om både eg og Senterpartiet meiner jordvern er viktig, så må ein og bruke sunn fornuft. Dette er verken tett på Førde eller Sogndal der det er problem med dyrka mark. Her snakkar vi om ei bygd der det er mykje større problem å få folk til å busetje seg, seier Navarsete.

– Bruk sunn fornuft

– Det er ikkje denne typen saker som gjer om ein lukkast med jordvern i Noreg eller ikkje. Ein kjem langt med sunn fornuft, seier Geir Pollestad, stortingsrepresentant for Senterpartiet og leiar i Næringskomiteen på Stortinget.

Geir Pollestad

JORDVERN: Geir Pollestad er stortingsrepresentant for Senterpartiet og leiar i Næringskomiteen på Stortinget.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Jordvernet i Noreg har blitt strengare dei siste åra. Ikkje meir enn 4000 dekar med dyrka jord skal omdisponerast kvart år. Det er fastslått i den nasjonale jordvernstrategien frå 2015. I fjor var ein allereie svært nær å nå det målet, då 4025 dekar vart omdisponert i 2017. Tre prosent av landarealet i Noreg er dyrka mark, eller om lag 10 millionar dekar.

I fjor haust vart det bestemt at eit område på 140 fotballbaner med matjord skal byggast ned utanfor Bergen. I Førde skapte planane om å byggja ut Brulandssvellene mykje debatt på Fylkestinget.

– Me er veldig i mot å omdisponera titals og hundretals dekar med god matjord til kjøpesenter og industri. Men litt meir spreidd busetnad vil kunne vera veldig positivt. Me må bruka sunn fornuft, men dette er ei vanskeleg sak, og det er ikkje mi oppgåva å avgjera denne lokale saka, seier han.

– Burde det vera ulike retningslinjer for bruken av skjønn, alt etter om det er i utkantstrøk eller tettbygde pressområde?

– Diverre er det den beste jordkvaliteten som blir bygd ned. Me må skilja kor i landet me er i slike saker, seier Pollestad.

Preben Birkeland Søreide (fremst), Arve Søreide (midten) og Petter Sortland

FÅR IKKJE LOV: Preben Birkeland Søreide får ikkje lov å byggja her. Senterpartiet er for eit strengt jordvern, men seier at det ikkje er slike saker som er avgjerande for å bevara matjorda.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Uendeleg viktig

Jordlova inneheld eit forbod mot omdisponering av dyrka og dyrkbar jord, og kommunen kan berre gje samtykke til omdisponering når det ligg føre «særlege høve». Omsynet til busetjing kan vera eitt av fleire slike omsyn.

Senterpartiet ønskjer seg eit endå sterkare jordvern enn i dag, men også at ein må evna å skilja mellom bygd og by i slike saker. «Ved avgjerd skal det mellom anna takast omsyn til godkjende planar etter plan- og bygningslova, drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området, kulturlandskapet og det samfunnsgagnet ei omdisponering vil gi» heiter det i §9.

– Den eine personen i ei lita bygd er uendeleg mykje viktigare enn at me skal setja opp ei bustadblokk i ein kornåker på det sentrale austlandsområdet, seier han.

Stortinget har bedt regjeringa fremja ein oppdatert jordvernstrategi i samband med statsbudsjettet for 2019.

NRK har fleire gonger spurt om å få intervjua landbruks- og matminister Bård Hoksrud, men han har ikkje hatt høve til å kommentera saka måndag.