Hopp til innhold

Frost og kulde hindrar brannetterforsking

Mykje is på branntomta fører til at etterforskinga på Leikanger er utsett.

Branntomt Nagelhuset

TOTALSKADD: Vatnet som blei brukt, har frose til is på det som står att av huset.

Foto: Kaia Viki / NRK

– Området er sikra, men det er framleis ikkje gjort åstadsundersøking på grunn av frosten, seier politibetjent Sondre Lillebostad ved Sogndal lensmannskontor.

Nagelhuset på Njøs på Hermansverk blei totalskadd i brann natt til fredag førrre veke. Då brannvesenet kom fram, var vinden så kraftig at gnistregnet stod fleire hundre meter innover mot sentrum.

Personen som var i huset då det byrja å brenne, kom seg ut før brannvesenet kom fram.

Brannvesenet hadde ein utfordrande jobb med å sløkke brannen. Vinden skapte utfordringar, i tillegg fraus brannslangane på grunn av kulde. Vatnet som blei brukt, har frose til is på det som står att av huset.

Lillebostad seier det førebels er ukjent kva som er årsaka til brannen.

– Vi har gjort avhøyr, og det skal også gjerast fleire, seier han.

Brann på Nagelhuset på Njøs

OVERTENT: Nagelhuset på Njøs på Hermansverk var overtent då brannvesenet kom fram.

Foto: Politiet