NRK Meny
Normal

Verneverdig bygg totalskadd på Hermansverk - ein person redda seg ut

LEIKANGER (NRK): Nagelhuset på Njøs på Hermansverk er totalskadd i brann. Då brannvesenet kom fram var vinden så kraftig at gnistregnet stod fleire hundre meter innover mot sentrum.

Nagelhuset på Hermansverk har brunne ned til grunnen

TOTALSKADD: Nagelhuset på Njøs på Hermansverk er totalskadd etter brannen i natt. Ein person berga seg ut av huset.

Foto: Kaia Viki Johnsen / NRK

Brann i Nagelhuset på Stadheim gard

FULL FYR: Det vart slått trippelalarm klokka 0352 då brannen vart meldt.

Foto: Politiet

– Då brannmannskapa kom fram var det allereie overtent. Det var opne flammar over taket, og huset var i utgangspunktet tapt før vi kom skikkeleg i gang med sløkking, seier sjef for Sogn brann og redning, Vidar Trettenes som fortel om eit veldig gnistregn frå huset då dei kom fram.

Brannen på Njøs i Leikanger kommune vart meldt av ein nabo klokka 03.52, og brannmannskap frå Leikanger og Sogndal rykte ut.

Ein person var inni huset då det byrja brenne. Vedkommande kom seg ut før brannvesenet kom fram.

– Vedkommande er vareteken. Vi har snakka med han, og han har fått tilbod om helsehjelp, seier Trettenes.

I 06.30-tida fekk NRK opplyst ved Alarmsentralen at det berre stod att ein gavlvegg og to piper, og at resten av huset var nedbrent.

Nagelhuset er ført opp som eit bustadhus på landbrukseigedomen på Njøs, tidlegare Statens forsøksstasjon. Huset har hatt status som eit karakteristisk våningshus som må takast vare på, ifølgje kommunen sin plan for vern av kulturminne. Huset vart bygd rundt 1850 og er dermed vel 170 år gamalt. Huset ligg på oppsida av vegen, når ein kjem køyrande innover mot Statens hus på Hermansverk.

Brann på Nagelhuset på Njøs

OVERTENT: Nagelhuset på Njøs på Hermansverk var overtent då brannvesenet kom fram.

Foto: Politiet

Hadde vanskar med å få kontroll

Brannvesenet har hatt ein utfordrande jobb med å sløkke brannen. Vinden skapte utfordringar, i tillegg fraus brannslangane på grunn av kulde. Mannskapet måtte også inn i nabohus for å tine strålerørspissane.

– Brannvesenet strevar med å få sløkt brannen, opplyste operasjonsleiar Hans Eirik Thue ved Vest politidistrikt like over klokka 05.

Vidar Trettenes

KREVJANDE: Sjef i Sogn brann og redning, Vidar Trettenes, fortel om eit krevjande sløkkearbeid i den kraftige vinden.

Foto: Kaia Viki Johnsen / NRK

Sjef for Sogn brann og redning, Vidar Trettenes, seier dei måtte bruke tid på å få oversikt på det veldige gnistregnet.

– Det var utfordrande i starten på grunn av det store gnistregnet som stod fleire hundre meter innover mot sentrum av Hermansverk. Vi hadde folk ute for å sjå til at det ikkje tok fyr andre plassar. Vi var ei stund usikre, men vi har heldt det under kontroll.

Vekte naboane

Det var ei tid fare for at brannen kunne spreie seg til fleire nærliggande bygningar. Spreiingsfaren vart etter kvart avklara.

– Bebuarane i nabohusa vart vekte og varsla om å gjere seg klare til å reise om brannen utarta seg, seier vaktleiaren ved Alarmsentralen.

– Eit signalbygg som har gått tapt

Nagelhuset på Njøs totalskadd i brann

ETTERSLØKKING: Slik såg Nagelhuset ut då det byrja lysne av dag i 07-tida fredag. Brannvesenet hadde då starta med ettersløkking.

Foto: Kaia Viki Johnsen / NRK

Lokalhistorikar Knut Henning Grepstad er på ferie i Peru då han blir kjent med at Nagelhuset har gått tapt i brann.

– Dette er veldig trist. Når Nagelhuset er vekke manglar vi ein viktig bygning i historia til Leikanger, seier han.

Statens forsøksgard var ein gard der det vart gjort forsøk med frukt, grønsaker og bær. Nagelhuset var sentralt, då det var her styraren på forsøksgarden budde, seier Grepstad.

Ifølgje fagleiar på teknisk avdeling i Leikanger kommune, Hildur Kuld, har huset stått på kommunen si liste over verneverdige bygg sidan tidleg på 1990-talet. Det siste året har huset vore i privat eige.

– Dette er veldig trist og eit stort tap. Vi har eit håp om at eit tilsvarande bygg kan bli bygd opp att.

Ber om tips

Like før klokka 07 opplyste Trettenes at sløkkearbeidet gjekk inn i ein ny fase.

– Vi startar no med ettersløkking, og vil ha vakthald på staden framover dagen.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om brannårsaka. Politiet har mellom anna snakka med personen som redda seg ut av huset, utan at dei vil gå nærare inn på kva som kom fram.

– Brannteknikarar vil over helga starte undersøkingane av branntomta, seier Magne Straumstein, politioverbetjent og straffesaksansvarleg i Sogn.

Straumstein seier det blir krevjande å finne brannårsaka, og at dei går breitt ut i etterforskinga. Folk som har informasjon blir bedne om å ta kontak

NRK Sogn og Fjordane gjer merksam på at vi lenge omtalte at det var Stadheimgarden som stod i brann. Dette viste seg å vere feil. Nagelhuset har ingenting med Stadheim gard å gjere.

Laster kart, vennligst vent...

BRANN: Klokka 0352 vart det slått trippelalarm etter melding om brann på Hermansverk. Det er det såkalla Nagelhuset som har brunne ned.

Vegopning på Bergum i Førde kommune