Hopp til innhold

Framleis vinter på fjellovergangane

Det er svært varierande føreforhold på fjellovergangane i Sør-Norge. – Vinteren har ikkje sleppt taket, opplyser Statens vegvesen.

Hemsedalsfjellet

HEMSEDALSFJELLET: Slik såg det ut kl. 08:40 tysdag morgon.

Foto: Statens vegvesen

Det er sendt ut OBS-varsel for fjella i Sør-Norge til i ettermiddag og for Telemark, Vestfold, Oslo, Akershus, Buskerud, Oppland og Hedmark i føremiddag.

Statens vegvesen tilrår vinterdekk om du skal over fjellet, for kraftig vind og snøfokk kan gi lokalt vanskeleg køyreforhold, først i Langfjella og seinare lengre nord. Etter kvart vil vinden minke og det blir mindre nedbør.

Fylkesveg 55 over Sognefjellet er stengd på grunn av uver og vil ikkje bli opna i dag. Trafikkoperatør Ketil Molvær ved Statens vegvesen i Lærdal seier at det er ein del vind på fjellovergangane.

– På vegen over Filefjell er det frisk bris og null grader. På Hemsedalsfjellet er det snø- og isdekke. Det same gjeld Årdal–Tyin og Aurland–Hol, og det bles godt i Aurlandsfjella.

Han trur det betrar seg utpå ettermiddagen, men har eit godt råd til dei som skal køyre.

– Det er vinterdekk som er tilrådd, for det er litt ruskete forhold no. Seinare i dag blir det truleg bart i vegen.