Hopp til innhold

Framleis slurv med EU-kontrollar

Verkstader som slurvar må miste retten til å utføre EU-kontrollar. Det meiner bilbransjeforeininga i fylket.

Kristian André Sæbø.

STIKKPRØVEKONTROLLAR: Kristian André Sæbø i Statens vegvesen har avdekka feil på bilar som er EU-kontrollerte.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Denne veka har Statens vegvesen utført stikkprøver av køyretøy som allereie er EU-godkjende. Og dei har funne mange feil.

På Statens vegvesen i Førde, Kristian Andre Sæbø, en stikkontroll på en Rover 200, som eigentleg er EU-godkjend. Der finn han eit laust batteri. Bileigar Sonja Ovesen hadde bilen til kontroll for to veker sidan. Ho hadde ikkje venta at Sæbø skulle finne feil.

Kan vente seg kraftig reaksjon

Heile denne veka har biltilsynet hatt stikkontrollar som dette. Andre Sæbø kan fortelje at resultatet er nedslåande.

– Det er dårleg at vi avdekkjer så mykje feil. Vi har mellom anna eit skrekkeksempel der styrekuler er heilt lause. Det blir nok ein kraftig reaksjon frå oss på at det er slurva i kontrollen, seier Sæbø.

I fjor sommar utførde biltilsynet same kontrollen, og den gong var det avvik på ein av fire bilar som eigentleg var EU-godkjende ved ein verkstad. Årets kontroll ser ikkje ut til å bli noko betre.

Meiner dei bør miste retten

Frank Kirkebø er formann i Sogn og Fjordane bilbransjeforeining og han fortvilar over tala. Han meiner verkstader som ikkje klarer å utføre gode nok kontrollar, burde miste retten til å utføre dei.

–Det er vel den einaste måten vi kan få orden på eit slikt problem på. Dersom ikkje verkstaden ikkje gjer jobben skikkeleg, bør det få ein konsekvens, seier han.