– Det hender seg rett som det er at vi får inn folk som seier at dei stolte på at bilen var EU-godkjend, seier leiar Øyvind Dvergsdal ved NAF-stasjonen i Førde.
Ein lite omfattande kontroll
Mange har kjøpt såkalla «EU-godkjende bilar», men som i ettertid har det vist seg at dei har kjøpt katta i sekken.
Dvergsdal meiner folk legg for mykje i begrepet EU-godkjent. Eigentleg seier det ikkje så mykje meir meir enn at bremser, lys og styring er innanfor eit minstekrav sett av EU på kontrolltidspunktet.
Ei EU-godkjenning seier ingenting om den tekniske tilstanden på til dømes motor, eller kor mykje rust det er på bilen.
– Ein bil kan vere ganske mykje rusta, sjølv om han passerer ein EU-kontroll, seier NAF-leiaren.
KAN HA MANGE FEIL: EU-kontrollen omfattar først og fremst bremser, styring og drivverk. Den er ingen garanti for at bilen er feilfri, påpeikar Øyvind Dvergsdal i NAF.
Foto: Oddleif Løset / NRK(Artikkelen held fram under biletet.)
Også Vegvesenet åtvarar
Også i Statens Vegvesen åtvarar overingeniør Kristian André Sæbø ved tilsynsseksjonen mot å bruke eventuell EU-godkjenning som rettesnor når ein skal kjøpe bruktbil.
ÅTVARER: Kristian Andé Sæbø i Statens vegvesen.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK– Vi får ein del førespurnader frå personar som har kjøpt bruktbil og er veldig forbausa over at bilen nyleg var EU-godkjent, men som i dag framstår med mange feil. Det er svært lite vi kan gjere i slike saker. Vi kan sjå på feil som omhandlar EU-kontrollen, men alt det andre er forbrukarrettsleg, seier Sæbø.
EU-kontrollen likevel viktig
Overingeniøren i Vegvesenet meiner likevel at EU-kontrollen har ein verknad, sjølv om den ikkje avdekkar alle feil og manglar.
– Den har stor verdi. Det er ikkje alle bileigarar som vel å ha jamleg service på køyretøyet sitt. Då er det viktig at vi har EU-kontrollen som kan fange opp feil på køyretøyet som kan utgjere ein risiko for trafikktryggleiken, seier Sæbø.