Hopp til innhold

Vegvesenet politimelder mekanikar

Ein mekanikar frå Nordfjord skal ha utført fiktive EU-kontrollar på åtte bilar. Statens vegvesen har no politimeld mannen.

Illustrasjonsfoto

FALSKE KONTROLLAR: Ein mekanikar frå Nordfjord er politimeld av Statens vegvesen. Dei meiner han har utført falske EU-kontrollar. (Personen på biletet har ikkje noko med saka å gjere).

Foto: Knut Fjeldstad/NTB / Scanpix

– Det er veldig kjedeleg at vi må gjere dette, men vi har ikkje noko val. Denne saka er alvorleg, seier overingeniør ved tilsynsseksjonen, Kristian Andre Sæbø til NRK.no.

Det er første gong at Statens vegvesen i Sogn og Fjordane politimelder ein mekanikar for å ha utført falske EU-kontrollar.

Vegvesenet mistenkjer at mannen har gjort seg skuldig i grove brot på vegtrafikklova.

Falske EU-godkjenningar

EU-kontrollen skal annakvart år sikre at norske bilar er trygge, men ikkje alle norske verkstader vel å følgje lova når slike kontrollar skal utførast.

Over heile landet vert det utført falske EU-kontrollar, noko som vil seie at bilane vert godkjende utan at verkstaden har sjekka om den er trygg eller ikkje i trafikken.

Verkstaden varsla om utru tenar

I Nordfjord gjekk ein verkstad til vegvesenet då dei oppdaga at ein tilsett hos dei hadde utført falske EU-kontrollar.

Verkstaden varsla om at den tekniske leiaren ikkje hadde reint mjøl i posen.

– Farlege bilar kan vere på vegen

Kristian Andre Sæbø

KJEDELEG: Kristian Andre Sæbø i tilsynsseksjonen i Statens vegvesen region Vest, seier det er kjedeleg at dei må politimelde mekanikarar for brot på vegtrafikklova.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Statens vegvesen har no sett nærare på saka og meiner dei har bevis for at mannen har gitt falske EU-godkjenningar til åtte bilar.

– Dette er eit tillitsbrot mot vegvesenet, dei som eig bilane og alle andre som ferdast på vegen, seier Sæbø og legg til:

– Det er alvorleg at det kan køyre bilar på vegane som ikkje er kontrollerte, og vi fryktar dette kan vere køyretøy som ikkje burde vere på vegen.

(Artikkelen held fram under videoen)

EU-kontroll

MANGE FEIL: Mange verkstadar gjer feil når dei utfører EU-kontroll av norske bilar. Nokon avdekker feil som ikkje er feil, andre overser alvorlege feil.

Fryktar store mørketal

Ein falsk EU-kontroll vil seie at bilen vert registrert i systemet som kontrollert og godkjent, men samtidig har den kanskje aldri vore innom verkstaden.

Statens vegvesen fryktar omfanget av slike kontrollar kan vere stort på landsbasis.

– Det er ikkje mange slike saker vi klarer å avdekke, men vi fryktar at mørketala kan vere store, seier Sæbø.

– Dette uroar oss

Bilane vegvesenet meiner har fått falsk godkjenning av mekanikaren i Nordfjord vil bli kalla inn til ny kontroll.

Sæbø vil ikkje gå inn på kva bevis vegvesenet meiner dei har, men understrekar at saka er alvorleg.

– Det er umogleg for oss å vite kva stand desse bilane er i, og det uroar oss, seier Sæbø.

La vekk saka

Same haust, i september 2011, fekk Vegvesenet beskjed om at politiet hadde lagt vekk saka.

– Vegvesenet har fått melding om at saka er lagt vekk frå politiet si side, det med bakgrunn i at det ikkje er noko straffbart forhold, seier Sæbø til NRK.no.