Hopp til innhold

-Elendige EU-kontrollar

Vegvesenet er ikkje fornøgde med verkstadane.

EU-kontroll

EU-kontrollane som føregår på bilverkstader er ikkje alltid gode nok. Det meiner Statens vegvesen. Denne bilverkstaden vart stempla godkjendt av vegvesenet.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Bilverkstadar gjer alt for mange feil når dei gjennomfører EU-kontrollar.

Avvik i 4 av 10 kontrollar

Kristian Andre Sæbø

Kristian Andre Sæbø i vegvesenet si tilsynsavdeling i Sogn og Fjordane.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Vegvesenet kontrollerer korleis verkstadane gjennomfører kontrollen. Berre i Sogn og Fjordane vart det i fjor avdekka avvik ved 4 av 10 kontrollar.

- Dette er svært alvorleg. Det kan i verste fall kan føre til alvorlege trafikkulukker, seier Kristian Andre Sæbø i vegvesenet si tilsynavdeling i Sogn og Fjordane.

- I 2010 og frammover vil vi trappe opp stikkprøvekontrollane, seier Sæbø.

Har for dårleg kunnskap

EU-kontrollen skal sikre at at bilar på norske vegar er trygge. Men Sæbø meiner det er for mange verkstader som rett og slett har for dårleg kunnskap om regelverket.

Han viser til at både bremser og lys vert testa på ein feil måte.

– Vi ser alvorleg på dette. Vi må ha kontroll med bilane på vegane, og vi må vite om dei er trafikksikre, seier han.

Kan koste dyrt

Og er kontrollen på verkstaden dårleg, kan det fort kome til å koste deg dyrt.

– Enkelte vurderar at bilane har fleire manglar enn dei faktisk har. Det er alvorleg fordi kunden får ein høgare reparasjonskostnad som kanskje ikkje er reell, seier Sæbø.

Arbeider med saka

Administrerande direktør Syver Leivestad i Norges Bilbransjeforbund vedgår at det har blitt gjort for mange feil, men seier bransjen gjer mykje for å bli betre.

– Vi har ei rekkje kurs om både norske forskrifter og EU- forskifter. Det skal føre til at vi har ein lågare frekvens enn vi har no. Vi har gjort det i mange år, og vi kjem til å halde fram dette, seier Leivestad.