Fråflyttingsstadar blir asylkommunar

Fråflyttingskommunar med låge bustadprisar er blitt mål for myndigheitene som vil ha billege asylmottak, og for private investorar som vil tene pengar. Det meiner ein frustrert ordførar i Høyanger.

Petter Sortland

EIT AV MANGE: Ordførar i Høyanger, Petter Sortland (Ap), er svært frustrert over korleis asylmottak vert plasserte. Det smakar ikkje godt at fråflyttingsstader vert ein stad for private aktørar å sko seg, seier han.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Her! Her er det eine huset. Det er butikk i denne bransjen.

Ordførar Petter Sortland (Ap) vandrar gjennom Høyanger sentrum og peikar på nok eit hus som er kjøpt opp av ein investor.

I Høyanger har nemleg eigedomsoppkjøparar skaffa seg bustadar på billegsal, for deretter å inngå avtale med Norsk Mottaksdrift som skal drifte eit nytt asylmottak frå november.

– Det er berre fordi det hyggelege bustadprisar her. Du finn ikkje asylmottak på Frogner og Aker Brygge. Du finn dei i samfunn som Høyanger og Årdal, samfunn som opplever tilbakegang i sysselsetting og andre ting. At det vert grobotn for private aktørar til å sko seg smakar ikkje godt, seier ordføraren.

Botnen fall ut av bustadmarknaden

Høyanger får, som Årdal fekk det på forsommaren i fjor, mottak i rekordfart. I november kjem mottaket, og opp til 150 asylsøkjarar skal bu i 20 til 30 bygningar i industrikommunen.

Høyanger var industristaden under oppbygging . På 60-talet budde det 5700 menneske i kommunen. I dag er talet 4200. For få år sidan gjekk bilfelgprodusenten Fundo med 300 arbeidsplassar konkurs, og rett før hadde Hydro nedbemanna kraftig og botnen fall ut av bustadmarknaden.

Steinar Dvergsdal er eigedomsoppkjøparen som i Høyanger alt har skaffa seg sju leilegheiter. Men dette er berre starten. Dvergsdal ynskjer å kjøpe meir, og samarbeider med Norsk Mottaksdrift om å skaffe leilegheiter etter at det førre veke blei klart at dei vann anbodet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Høyanger tettstad

BILLEG: I Høyanger er det billeg å kjøpe hus, og det gjer at tre store selskap har peika ut bygda for å drive mottak. Norsk Mottaksdrift startar asylmottak i november

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Meiner asylmottaket kan skape aktivitet i bygda

– Det verkar nesten litt unødvendig å annonsere, seier Dvergsdal.

Han seier marknaden er så tam at han blir kontakta av folk som er på jakt etter kjøparar av husa sine.

– Dei har ikkje har fått selt på andre måtar i Høyanger. Det er ein veldig sørgeleg negativ spiral. Nokre av husa eg har kjøpt har vore annonsert i over eitt år, og ingen har bydd på dei.

Steinar Dvergsdal

SJU TIL NO: Og fleire skal det bli. Dvergsdal vil kjøpe fleire bustadar, og trur asylmottak kan gje aktivitet.

Foto: NRK

Dvergsdal eig frå før kring 70 ulike husvære i Sogn og Fjordane og elles i Sør-Norge. Han meiner det er positivt at det blir starta eit mottak i kommunen, og at ein får fart på bustadmarknaden.

– Høyanger ropar på meir aktivitet av eit eller anna slag, som både kan skape arbeidsplassar direkte og indirekte, og at ledig kapasitet i bygningsmasse blir fylt opp, som kanskje kan skape ei meir positiv utvikling, seier han.

– Du er jo heilt sjakk matt!

– Her kjem me også til eit hus der vedkomande snart flyttar frå kommunen, seier ordførar Sortland, som trur svært mange hus i bygda no vil bli brukt til asylmottak. I sentrum kan marknaden bli støvsoge for det som mange stadar er småpengar.

– 20 og 30 slike einingar må dei skaffe i kommunen, seier han.

Regiondirektør i UDI Atle Berge seier eigedomsprisane er ein klar årsak til at så mange kommunar som slit med fråflytting opplever at private ynskjer å starte asylmottak. Tre av dei store selskapa som driv asylmottak i Norge har peika seg ut Høyanger.

Atle Berge

TRØYST: Atle Berge håpar arbeidsplassane er ei trøyst for Høyanger.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

– Prisar på bustadar og løn vil vere med å bestemme prisen. Eg er veldig nøgd med er at tilbodet i Høyanger er det som gir flest tilsette med sju arbeidsplassar. Det håpar eg kommunen ser på som ein fordel i ein slik situasjon, seier Berge.

Eit asylmottak blir finansiert av staten. Kommunen sine utgifter til lege, skule og liknande skal også bli dekka økonomisk. Men i Høyanger, som no er på ROBEK lista på grunn av dårleg økonomi, har kommunen alt kutta i helse og skule. Ordføraren meiner dei ekstra arbeidsplassane då vert ei fattig trøyst.

– Du er jo heilt sjakk matt! Dei vinn anbodet, og så etablerar dei mottaket her, utan at kommunen i det heile teke kan uttala seg. Eg tykkjer ikkje det er ein god prosess, seier han.

Men mottaket kjem, og kommunen må omstille seg raskt. Førre veke kom beskjeden om at eit mottak blir oppretta 15. november i år. Før det var eitt enkelt brev varselet ordføraren hadde fått.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.