Hopp til innhold

Meiner ein ikkje har lært av etterspelet etter drapa i Årdal

På svært kort varsel, og utan at kommunen blir lytta til, skal 150 asylsøkjarar plasserast i Høyanger. Ordføraren meiner ein ikkje har lært av etterspelet etter drapa i Årdal.

Med berre nokre vekers varsel, og utan at kommunen blir lytta til, skal 150 asylsøkjarar plasserast på eit nytt mottak i Høyanger. Ordføraren meiner ein ikkje har lært av etterspelet etter drapa i Årdal. Også der var kommunen svært kritiske til måten mottaket vart oppretta på.

Sjå TV-sak frå Vestlandsrevyen. Reporter: Vidar Gudvangen. Foto: Arne Stubhaug. Redigering: Heidi Lise Bakke.

– Altså, du er jo heilt sjakk matt. For to månadar sidan visste vi ikkje om fenomenet asylmottak i vår kommune i det heile teke. Det kjem som julekvelden på kjerringa for oss, seier ordførar i Høyanger, Petter Sortland (Ap).

Ordføraren føler seg overkøyrt, men har lite han skulle sagt. I november kjem 150 asylsøkjarar. Etableringa skjer raskt.

Høyanger får, som Årdal fekk det på forsommaren i fjor, mottak i rekordfart. Då åtvara Årdal kommune om at dei ikkje var førebudde. Etter drapa på Valdresekspressen, der ein asylsøkjar som skulle sendast ut av landet drap tre menneske, kom kravet om at ein måtte lytte meir til kommunane når asylmottak skulle etablerast.

Det meiner ordføraren har vore totalt manglande når det vart avgjort at Høyanger skulle få eit mottak.

– Kommunen er ikkje inne i biletet i det heile teke. Kommunen får beskjed frå UDI om at eit selskap vann anbodet og at det vert mottak. Dette er ikkje god politikk, seier ordføraren.

Bustadprisane avgjerande

Norsk Mottaksdrift skal starte eit desentralisert mottak i Høyanger. Asylsøkjarar skal spreiast utover i 20 til 30 bygningar i industrikommunen.

– I Høyanger er det ein del hus og leilegheiter både til sals og til leige no. Det pressar prisen ned, og dermed er Høyanger attraktive. Det er jo derfor det vert oppretta asylmottak i distrikts-Noreg, seier ordførar Sortland.

Samstundes med at Høyanger må ta i mot 150 nye asylsøkjarar, vert eit asylmottak i Bremanger lagt ned.

– Det er hol i hovudet og vanskeleg for folk å forstå. Bremanger har opparbeida seg kompetanse på dette og vil gjerne ha sitt mottak lenger. Men UDI fortel til oss at dei er underlagt loven for offentlege tenester og må vekte pris veldig høgt, seier ordføraren.

Høyanger tettstad

HØYANGER: Kommunen kan vente seg opp mot 150 asylsøkjarar på svært kort tid. Bustadprisane har vore avgjerande, meiner ordføraren.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Vil gå ut over tenestetilbodet

Kommunen meiner det nesten ikkje er mogleg å verte klare på under to månadar.

– Dette vil føre til press på det kommunale helsetilbodet. Alt frå den kommunale helsestasjonen, til lege og helse og omsorg, til barnehage skule og SFO, seier ordføraren.

Ordføraren seier at kommunen likevel skal vere konstruktiv og ta oppgåva på alvor og løyse ho. Men beskjeden til mannen i gata er likevel knallhard.

– Eg lyg til innbyggjarane visst eg seier at det ikkje går ut over dei. Det vil bli kamp og barnehageplassar, større ventetid hjå lege og helsesøster, seier han.

Skeptiske innbyggjarar

NRK har prata med folk på gata i Høyanger. Der er meiningane sterke, men få vil snakke. Mange tykkjer det er vanskeleg å uttale seg om dette, i frykt for å bli møtt med påstandar om framandfrykt eller rasisme.

Svein Forfod

FOR FORT: Det meiner Svein Forfod.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Svein Erik Forfod ville likevel prate då NRK møtte han, og han meiner kommunen får for kort tid på seg.

– Litt vel fort vil eg tru. Når ein tenkjer på det som skjedde inne i Årdal, så er det litt greitt å få lengre tid på seg til å få ting på plass, seier Forfod.

Ordføraren er ikkje redd for at Høyanger kommune eller innbyggjarane skal verte stempla med framandfrykt eller rasisme.

– Vi skal busette 50 flyktningar dei neste 3 åra, i tråd med det vi har blitt bedne om. Vi er blant dei beste i klassen på dette. Det som gjer dette vanskeleg, er at på toppen av dette får vi eit asylmottak vi må vere klare for på 2,5 månad, seier Sortland.

– Min jobb vert å balansere det eg seier. Å sei "dette fikser me", er ikkje rett i den situasjonen vi er i. Timinga er feil. Kanskje om nokre år, der me hadde betre regi på prosessen.

– Stoler på UDI

Justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp) har det øvste ansvaret for asylpolitikken. Anundsen seier han stoler på Utlendingsdirektoratet (UDI) si vurdering.

– Vi har vore veldig tydelege til UDI om at kommunane sin rett til informasjon og medverknad i slike prosessar skal varetakast betre enn det som var tilfelle når mottaket vart etablert i Årdal. Det legg eg til grunn at UDI følgjer opp, seier Anundsen.

Anders Anundsen

STOLER PÅ UDI: Justisminister Anders Anundsen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Statssekretær i same departement, Himanshu Gulati (Frp), seier han forstår at Høyanger kommune kan oppleve at asylmottaket kjem raskt. Men også Gulati tek for gitt at UDI har følgt opp retningslinene frå departementet.

– Vi er ikkje politisk inne i biletet og bestemmer kvar asylmottaket skal liggje, eller kva asylmottak som skal etablerast. Dette er noko UDI tek vurderingar av, slik at dei har den kapasiteten dei treng, seier Gulati.

– Eit fungerande mottak er lagt ned lagt ned i Bremanger – er det ein god måte å gjere dette på?

– Eg er ikkje kjent med grunngjevinga for dette, for dette er avgjerder vi ikkje har vore inne i politisk, men avgjerder som UDI tek, seier statssekretæren.