– Eg lagde faktisk denne i byrjinga av 2016, og etter valet nå i haust så forstod eg at det var alvor. Det var meint som noko morosamt, men det vart litt skumlare enn eg hadde trudd.
Det seier Thale Eliassen Fink (17) frå Førde om portrettet ho har laga av Donald Trump. Kunstverket heiter Lagde denne i fjor, eg lo, det gjer eg ikkje no. Portrettet er teikna med ein svart penn og tusj.
– Fyrst var det ikkje meininga at verket skulle vera politisk, men det utvikla seg i takt med valet i USA.
Fink fortel at ho teiknar kvar dag, og dette er fjerde gong ho stiller ut på UKM. Tidlegare har ho mellom anna laga ein skulptur av eit tre i full storleik og dekt av aluminiumsfolie. Likevel trur ho ikkje at ho kjem til å gå vidare med kunsten for fullt.
– Eg går på studiespesialiserande på vidaregåande med realfag som fordjuping. Så teikning er berre noko eg driv med på fritida og på kulturskulen. Men det hadde vore morosamt å gå vidare til landsfestivalen, eg har høyrt mykje om den.
Miniatyrstove
Jorunn Grøndal (16) frå Lærdal er ein av dei andre kunstnarane på UKM i Høyanger. Ho har laga eit verk som heiter «Glasshuset», som er ei lita stove plassert inni ei glaskrukke. Ho fortel at det bokstaveleg talt var flaskehalsen som sette avgrensingar for verket.
– Eg måtte passe på at møblane var små nok til å gå gjennom opninga. Så det vart eigentleg ikkje så stort som eg ville ha det.
Inne i stova er det ein lenestol, eit salongbord, ein puff og ei lampe. Grøndal har laga og sydd alt sjølv, i lenestolen har ho brukt svampar for å få ein god fasong. I kvardagen driv ho òg mykje med teikning.
– Er det fyrste gong du er med på UKM?
– Nei, det er andre gong eg har kome så langt. For nokre år sidan stilte eg ut eit bilde.
Opning av utstillinga
UKM-festivalen er godt i gang i Høyanger, og i dag opna kunstutstillinga med 53 verk av ungdom frå heile fylket. Assisterande fylkesdirektør for næring og kultur, Ingebjørg Erikstad, rosa ungdommen i opningstala.
– Det er ein stor ressurs at ungdommane er både arrangørar, konferansierar og står for mediedekninga. Eg håpar at festivalen skal inspirere dykk slik at de reiser heim, arbeider vidare og kjem att neste år. Nokre blir kanskje motiverte til å ha kunsten som utdanningsveg og leveveg.