Vi skal sende nesten 10 timar med konsertar med nokre av våre beste, unge talent.
Fredag kveld var det KulturskuleLutt direkte frå Sandane med «Dei nominerte er ...» - konsert og utstilling med unge talent frå Sogn og Fjordane. Alle er nominerte til Drømmestipendet, der 100 ungdommar i Norge vil få stipend på 10.000 kvar.
Laurdag og søndag sender vi til saman fire UKM-konsertar frå Høyanger, der fleire hundre ungdommar møtast for å syngje, spele, vise fram kunst og film.
Følg oss på nett og sosiale medium!
Nynorskpraktikantane Wibeke Bruland og Sigrid Sørumgård Botheim er i Høyanger for å formidle stemninga.
Vi legg fortløpande ut nettsaker, biletgalleri og videoar på nettsida vår. Du får mange gode historier med unge talent denne helga.
Vi sender alle konsertane direkte og legg ut opptaket etterpå. Vi klippar også ut kvart enkelt sceneinnslag slik at du kan dele det med venner og kjende.
Du kan også følgje oss på Facebook, Instagram og Snapchat – nrksf.
Dette dekkjer vi i helga:
Fredag 31. mars på Sandane:
19:30 KulturskuleLutt
- Her finn du dei nominerte til Draumestipendet (ekstern lenke)
Laurdag 1. april i Høyanger
14:00 Kunstutstillinga opnar
15:00 UKM-konsert 1
18:00 UKM-konsert 2
Søndag 2. april i Høyanger
13:00 UKM-konsert 3
16:00 UKM-konsert 4
- Her er oversikta over alle som deltek på UKM (ekstern lenke)
Dei som går vidare
Måndag morgon får du vite kven som går vidare til landsmønstringa. Høyr på radiosendinga vår eller følg med på nettsida vår – nrk.no/sf.