Hopp til innhold

Forutsåg resultatet i Stryn og Hornindal: -Rein flaks

Då resultata frå Stryn og Hornindal skulle offentleggjerast måndag venta nokre meir i spenning enn andre.

Harald Vartdal med tipperesultata sine

TIPPING: Harald Vartdal kan frå før skilte med 13 rette i Norsk Tipping. Flaks kallar han det når han i går klinka til med full pott i tipping av folkeviljen i Stryn, Volda og Hornindal.

Foto: Ola Grothaug

– Eg sat og venta og var veldig spent på resultatet, spesielt i Stryn. Så då la eg ut denne på Facebook. Eg vann ein gong, ein av få i Noreg som har vunne 13 rette i Tipping, men elles er det få tips som har gått inn, fortel tidlegare journalist i Fjordingen, Harald Vartdal.

I 19-tida måndag kveld la han ut det han trudde ville bli resultatet i dei ulike folkerøystingane og innbyggjarundersøkingane i Stryn, Hornindal og Volda. Og dei tre kommunane kunne nærast spart seg oppteljinga.

Reknar med at eg med dette har brukt opp min tippeflaks for ei tid. Så då har Norsk Tipping tapt ein god kunde. Får heller satse på karriere som valekspert..

– Eg tippa 30 prosent ville at Stryn skulle halde fram som eigen kommune. Oppteljinga synte 30,1 prosent. Eg tippa at 55 prosent gjekk for Hornindal og Stryn. Her vart resultatet 57,1 prosent. Eg tippa at 12 prosent ville velje alternativet Hornindal–Stryn–Volda. Resultatet her vart 11,7 prosent.

Traff midt i blinken på folkeviljen
Foto: Skjermdump Facebook

Trur det blir ei tøff avgjerd

Han har følgt prosessen nokså tett sidan reformarbeidet kom i gang for to år sidan. Han har nyleg avslutta si journalistiske karriere for lokalavisa Fjordingen, og gått inn i pensjonistane sine rekkjer.

– Spesielt Hornindal, Stryn og Volda, der var eg rimeleg sikker på at det var under 15 prosent. Eg var litt tøff i trynet også, og sa til ein at vart det meir enn det, så skulle eg gå frå Stryn til Volda. No slepp eg den turen, humrar han.

Medan han gler seg over tippeevnene sine er han samstundes glad for ikkje å vere i politikarane i heimkommunen sin stad.

– Dei politikarane i Hornindal som skal ta denne avgjerda tykkjer eg synd i. Å tolke ei undersøking der 200 av innbyggjarane har fått sagt sitt, det blir litt tynt. Lett blir det ikkje, og det får store konsekvensar for mange, seier Vartdal.