Hopp til innhold

Fortvilar over vegstengingar på E16

Stadige stengingar på E16 mellom Bergen og Sogn fører til stor frustrasjon i transportbransjen. Milevis med omkøyring på dårlege vegar fører til store ekstrautgifter.

Transportbransjen fortvilar over er at ras på ny stengjer E16 mellom Sogn og Bergen

FORTVILAR: Transportbransjen fortvilar over at ras på ny stengjer E16 mellom Sogn og Bergen.

Foto: Montasje: Jan-Egil Dyvik/Hordaland/Timo Erhardt

– Dette er på ingen måte greitt. Vi veit at vi lever i eit land der naturen er tett innpå oss, og at flaum og ras er ganske vanleg. Men dette handlar om vedlikehald og at ein ikkje har gjort noko med etterslepet, seier Bjørn Thorvaldsen som er kommunikasjonsrådgjevar i Tollpost Globe AS og legg til:

– Vi byrjar bli vande med ein stadig stengd E16, og dessverre har vi god erfaring i å finne løysingar med stengde strekningar på denne vegen.

Som ein av dei største speditørane i Norge har Tollpost dagleg ei rekkje lastebilar på E16 til og frå Bergen.

Hovudvegen mellom to av dei største byane i Norge har vore mykje stengd det siste året og i natt skjedde det igjen. På nytt rasa det over europavegen, denne gongen mellom Indre Arna og Trengereid. Fleire i bransjen fortvilar over det som skjer.

– Det er klart dette er problematisk, seier dagleg leiar Magne Ahlin i Slinde Transport i Sogn.

– For vår del betyr det omkøyring via Hardanger, noko som betyr 7,5 mil ekstra, kvar veg, seier transportleiaren oppgitt.

Store jordmassar sperrar vegen

Det har lokalt kome store nedbørsmengder på Vestlandet siste døgnet, og Jordskredvarslinga åtvara i går mot ras. Og dei fekk rett.

Store jordmassar rasa i natt mellom Trengereid og Indre Arna, og rasmassane i tillegg til fare for nye ras gjer at E16 først blir opna langt ut på ettermiddagen onsdag.

Det er venta store nedbørsmengder også i dag, og faren for nye ras er difor stor. Vegvesenet har difor valt å sette ut vakter til å følgje med på rasområdet.

Stenginga i dag er langt frå den første på E16 mellom Sogn og Bergen siste året. Dei lengste stengingane var i april, då E16 var stengd i ti dagar etter eit ras ved Stanghelletunnelen i Vaksdal, og den nær ein månader lange stenginga etter brannen i Gudvangatunnelen i Aurland i august.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras på E16

JORDMASSAR: Store nedbørsmengder gjorde til at jord og tre losna over E16 mellom Indre Arna og Trengereid natt til onsdag.

Foto: Timo Ehrhardt

Lange og dårlege omkøyringsvegar

Dagleg leiar Magne Ahlin i Slinde Transport i Sogn legg ikkje skjul på at han er frustrert over dei mange stengingane på den viktige fartsåra. Berre dei siste ti åra har det går over 200 ras mellom Bergen og Voss.

– Vi må sende sjåførane ut på lange omkøyringsvegar, og vi må omorganisere heile den daglege drifta vår når slike ting skjer, seier han.

Stenginga mellom Indre Arna og Trengereid onsdag betyr at sjåførane hans blir sende om Hardanger.

Magne Ahlin

FRUSTRERT: Dagleg leiar i Slinde Transport, Magne Ahlin, er blant dei som fortvilar over nok ei vegstenging på grunn av ras på E16.

Foto: Arne Eithun

– Dette er ein dårleg veg for tunge køyretøy. Hardangervegen er på langt nær god nok til å ta imot den veldige trafikken som E16 produserer, seier han.

– Ein kan risikere å måtte rygge lange strekningar, og det er ikkje enkelt med store bilar, seier han.

– Tusenvis av kroner ekstra

– Det blir frustrerande for alle som blir råka av dette, seier han og håpar det ikkje blir kork slik ein har opplevd tidlegare.

Men onsdag føremiddag melder avisa Hordaland at det er kaos på Trengereid. Opp mot 30 store køyretøy stod rundt klokka 10 i kø før dei kom seg ut på dei forskjellige omkøyringsvegane.

Milevis med omkøyring betyr fleire timar ekstra for sjåførane. Med strenge reglar for køyre- og kviletid kan det bety at Ahlin må få på plass ekstra sjåførar for å få godset fram i tide.

– Det er snakk om tusenvis av kroner i ekstrautgifter kvar tur, seier han og legg til.

– Vi kan ikkje ha det slik!

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras ved Stanghelle E16

KNUTS: Tunnelmunninga på Stanghelletunnelen vart øydelagt av eit ras i april. Bilete er teke etter at Vegvesenet har sprengd ut farlege steinblokker i fjellsida.

Foto: Karl Martin Valestrand

– Ikkje alt vi kan styre

Morten Listau som er dagleg leiar i Lerum Frakt har også merka seg dei mange vegstengingane. Sidan dei ikkje har leveringar mellom Sogn og Bergen kan dei ta vegen om E39 Lavik-Oppedal.

– Stenginga får ikkje så store konsekvensar for oss, fordi avstanden mellom Bergen og Sogndal er ganske lik om vi køyrer ytre via Lavik-Oppedal, eller via Lærdal og Voss, seier Listau.

Han seier dei har blitt vande til måtte sende bilane ut på andre ruter enn dei opphavleg hadde planlagt.

– Der er ofte stengingar på vestlandsvegane, så vi er blitt gode på å finne løysingar for å få varene fram, seier han.

– Det hadde sjølvsagt vore betre om vegen ikkje var stengd, men det er ikkje alt vi kan styre sjølve, seier han.

– Det er frustrerande

Også avdelingsleiar for Transferd på Kaupanger, Arne Inge Synnevåg, fortvilar over vegstengingane på E16. Kvar dag har han mellom seks og sju lastebilar på vegen mellom Sogn og Bergen, nokre av dei med leveringar undervegs.

Stengingane skjer som regel brått og når bilane er undervegs må dei ut på omkøyringsvegar som ofte kan vere både lengre og dårlegare.

– Det får store konsekvensar for oss. Det betyr fleire timar på sjåførane, fleire kilometer, og forseinkingar for kundane, seier Synnevåg til NRK.no.

– Korleis opplever de dei stadige stengingane av E16?

– Det er frustrerande, seier han.

Set sin lit til den nye regjeringa

Bjørn Thorvaldsen i Tollpost Globe seier det spesielt er lokaldistribusjon som får merke følgjene av stenginga.

– Vi gjer ulike grep, og køyrer omvegar. Stenginga har først og fremst konsekvensar for lokaldistribusjon og framføring av varer. I vår bransje handlar det om å få varene fram til rett tid. Forseinkingar frustrerer oss, og ikkje minst dei som skal få varene, altså næringslivet, seier han.

I dette tilfellet må dei sende mange av sine bilar ut på 60 kilometer omkøyring.

– Dette er vegar som på ingen måte er bygd for denne trafikken. I tillegg er det ferje på strekninga, og vegarbeid. Omkøyringa tek mellom to til tre timar, om ein er heldig, seier han til NRK.no.

No håpar han at den nye regjeringa kjenner si gjestingstid og får gjort noko med vegen.

– Vi ser fram til ei utvikling der ei ny regjering tek større grep, både når det gjeld innslag av nye løysingar for finansiering, organisering og realisering av ny infrastruktur. Slik at vi er rusa for slike situasjonar i framtida.

– Dei må byggje ny veg

Arne Inge Synnevåg i Transferd og Magne Ahlin i Slinde Transport er begge samde. Noko må gjerast med standarden på E16 mellom Sogn og Bergen.

Dei to meiner det er heilt uakseptabelt med stadige stengingar på det som blir rekna som hovudfartsåra mellom Oslo og Bergen. I tillegg til utfordringane med å få godset fram, meiner Ahlin det også er viktig med ein tryggare veg.

– Eg er redd for sjåførane mine, og eg tenkjer også mykje på det sjølv når eg køyrer på vegen. Dette er ein trussel for oss alle.

– Det bør ikkje vere slik, men så lenge vi ikkje har ein skikkeleg utbygd E16 så må vi vel bere leve med dette, seier Ahlin og legg til.

– Eg håpar politikarane gjer alvor av at dei skal satse tungt på vegutbygging, så får vi sjå kva som skjer dei neste åra.

Han får støtte frå kollegaen på Kaupanger.

– Styresmaktene berre må byggje ny veg, er den klare beskjeden frå Synnevåg.