Hopp til innhold

Voldsomme nedbørsmengder kan gje jordskred

– Faren for at jord kan rase ut aukar med det vêret vi har, seier Monika Sund ved Jordskredvarslinga som varslar auke fare for jordskred det kommande døgnet.

Jordskred mellom Bygstad og Dale.

FARE FOR JORDSKRED: Bratt terreng langs vegar og elvar er mest utsette for jordskred med den nedbøren som er venta det kommande døgnet. Jordskredvarslinga har sendt ut varsel om moderat fare for skred (Illustrasjon).

Foto: NRK.no-tipsar

Jordskredvarslinga har sendt ut varsel om fare for jordskred med nivå gult. Vakthavande på Jordskredvarslinga Monika Sund seier gult nivå er det lågaste nivået for varsling, og at det er moderat fare for jordskred.

Mykje nedbør i vente

– Men vi forventar at det kan komme nokre hendingar i den regionen som er varsla, i dag i Sogn og Fjordane og nordlege delar av Hordaland. Det vil i hovudsak vere i form av utglidingar langs veg, jernbane og vassdrag.

Det er venta store mengder regn i Sogn og Fjordane i ettermiddag og natt, dermed aukar faren for jordskred.

– Grunnen til at vi har sendt ut varsel i dag er at det er meldt opp mot 90 mm regn fram mot onsdag morgon. Det er så mykje at då kan jord byrje å skli ut.

For kommunane betyr varselet at dei bør særleg vere merksame på vêr og prognosar. Jordskredvarselet inneber også at kommunane bør drive førebyggande aktivitet som reinsing av dreneringsvegar på spesielt utsette stadar.

Skråningar er utsette stadar

Nokre stadar og terreng er meir utsette enn andre.

– Bratte skråningar langs bekkar og elveløp med stor vassføring vil vere spesielt utsett for at jord kan skli ut.

Så langt har det ikkje komme meldingar om jordskred. Det skal ikkje vere fare for at faren for jordskred vil auke opp til ny grad – oransje.

Jordskredvarslinga minner også om at det kan komme øydeleggjande jordskred på dette varsel-nivået, men at dei vil vere svært lokale.