Hopp til innhold

Sogn og Fjordane er fylket med klart flest skred - 860 berre i 2011

Sogn og Fjordane er det fylket i landet der det går flest skred. I perioden 2000 til 2012 vart det registrert over 6000 skred i fylket.

ras

EITT AV MANGE STEINSKRED: Ras på E16 i Nærøydalen.

Foto: NRK-tipsar

Dei fleste av desse skreda var steinskred, går det fram av ei pressemelding frå NVE - Norges vassdrags- og Energidirektorat.

Hordaland ligg på andreplass på denne statistikken med rundt 4600 skred, Nordland er på tredjeplass med rundt 3200.

Statistikken syner at 2011 var det verste året i den aktuelle perioden når det gjeld skred i Sogn og Fjordane. Då vart det registrert ca. 860 skred. I fjor var talet 300. (Data frå Nasjonal vegdatabank).

Varslingsteneste

I dag vart Nasjonal varslingsteneste for jordskred lansert av vassdrags- og energidirektør Per Sanderud og vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

– Tenesta skal vere eit middel for å førebyggje skade på liv, helse og verdiar, seier dei to.