Hopp til innhold

Fortvilar over alle butikkane som forsvinn

ÅRDAL (NRK): Butikkeigarar og folk er fortvila over forretningar i Årdalsangen sentrum som blir lagde ned eller flytta til Øvre Årdal. Å konsentrera handelen til Øvre er til nytte for heile kommunen, meiner derimot Årdal Utvikling.

Leif Stølen og Jan Are Øvstetun

KREVJANDE: Lite folk i sentrum på Årdalstangen betyr mindre handel og omsetnadssvikt for Leif Stølen (t.v.) i Årdal Rør og Sanitær og Jan Are Øvstetun i Tangen Sport.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Tomme butikklokale gapar ut mot sentrumsgatene på Årdalstangen. På Torget i Tangen vekkjer det sterke kjensler at halvparten av forretningane i sentrum har forsvunne:

– Eg tykkjer ikkje noko om det, fresar ein.

– Heilt forferdeleg. Alt skal til Øvre, seier ei anna.

– Torget er daudt samanlikna med tidlegare, seier ein tredje.

Berre fire att

Dei siste åra har Fjordblomsten, gourmetmatbutikken Lærdalsmat, Mix-kiosken, Coop Prix og motebutikken Tisku anten lagt ned eller flytta til Øvre Årdal. Berre Kiwi, Årdal Rør og Sanitær, Sundal elektronikk og Tangen Sport klorar seg fast i den eine av to tettstader i Årdal kommune. Men færre folk betyr lågare butikkomsetnad.

Tomme butikklokale

TOMME LOKALE: Dei siste åra har Fjordblomsten, gourmetmatbutikken Lærdalsmat, Mix-kiosken, Coop Prix og motebutikken Tisku forsvunne frå sentrum på Årdalstangen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Me misser mykje impulshandel. Har kommunen og Årdal Utvikling ein strategi om at all handel skal til Øvre, er dei i ferd med å lukkast med det, seier Jan Are Øvstetun, dagleg leiar i Tangen Sport.

Lite folk i sentrum

Vegg i vegg med Tangen sport ligg Årdal Rør og Sanitær. I 36 år har eigar og røyrleggjarmeister Leif Stølen drive installasjonsverksemd og butikk som sel interiør- og baderomsartiklar. I mange år har Stølen kjempa mot butikkdøden og vore med på å etablera og flytta fleire verksemder på Tangen. Men verkeleg krevjande er det blitt etter at Coop Prix stengde ned i fjor.

– Handelen gjekk ned, og det blei lite folk i sentrum, seier Stølen.

Handelsvekst i Øvre

I vår flytta klesbutikken Tisku frå Tangen til Øvre Årdal, nabobygda som opplever sterk handelsvekst. Eit nytt kjøpesenter – Årdalssenteret – blei bygd 2013, og neste år etablerer Europris storbutikk i tettstaden.

Årdalssenteret

DEMMER OPP FOR HANDELSLEKKASJE: Årdalsenteret i Øvre Årdal har skapt større handelsvekst enn landssnittet, ifølgje Årdal Utvikling.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Å konsentrera handelen til Øvre er til nytte for heile Årdal, meiner Terje Laberg, dagleg leiar i Årdal Utvikling:

– Me kan ikkje påverka kvar den einskilde legg butikken sin, men eg trur butikken bør leggjast der det er flest folk.

Men ved å støtta bygginga av Årdalssenteret – vil ikkje senteret i seg sjølv trekkja til seg butikkar?

– Hadde me ikkje fått til eit senter, hadde me ikkje fått butikketableringar i Årdal. Etter bygginga av senteret har handelen i Årdal auka dobbelt så mykje som landssnittet. Og handelslekkasjen har gått dramatisk ned.

Terje Laberg

DER ÅRDAL MØTER FJORDEN: Terje Laberg i Årdal Utvikling ser føre seg ei satsing på reiseliv og bustader på Årdalstangen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Reiseliv på Tangen

Årdal er blitt kalla eit to-av-alt-samfunn, der Årdalstangen og Øvre Årdal historisk har fått ei likevekt av tilbod og fasilitetar, sjølv om det berre er ti minuttar i bil mellom bygdene. Innan handel er den tida forbi, seier Laberg. På Årdalstangen vurderer Årdal Utvikling derimot ei framtidig satsing på reiseliv, i tilknyting til Klingenberg hotell, samt bustader.

Butikkeigarane Jan Are Øvstetun og Leif Stølen meiner derimot at handel på Årdalstangen er liv laga:

– Hadde me berre hatt kundar frå Tangen, hadde me ikkje greidd oss. Me har sjølvsagt heile Årdal som kundegrunnlag, seier Stølen.