Forskarar: Den omfattande bresmeltinga kan føre til at vasskiljet endrar seg

– Når Jostedalsbreen smeltar bort, kan det vere at det blir store innsjøar eller at vatnet begynner å endre retning enn den retninga det har i dag.

NATUR I ENDRING: Jostein Aasen i NVE filma over Jostedalsbreen i sommar.

Det seier professor Jacob Clement Yde ved Høgskulen på Vestlandet.

Forskarar og ekspertar jobbar intenst oppe på breen for å finne ut om kva den globale oppvarminga og klimaendringane har å bety for den norske fjellnaturen.

Klimaendringar gjer at Jostedalsbreen endrar seg dramatisk.

Saman med mellom andre NVE, universiteta i Bergen og Oslo og Vestlandsforsking har dei no fått millionstøtte til å forske på følgene av bresmeltinga.

– Blant anna kan vatnet under breen skifte retning. Kva skjer då?

– Det kan få konsekvensar for vasskraft og turisme. Det kan bety at ein må leggje om kor ein har vasskraft i dag eller stoppe produksjonen der ein har vasskraft i dag, seier Yde.

Jostedalselva

VIKTIG ELV: Jostedøla tar årleg imot enorme mengder smeltevatn frå breen. Når breane smeltar og klimaet endrar seg kan vatnet finne nye vegar.

Foto: Jostein Aasen| / NVE

Vasskilje og is-skilje kan vere ulikt

– Breen er ein del av landskapet. Så når breen smeltar no, renn vatnet den breen heller. Men det er ikkje nødvendigvis slik at fjellet under heller same veg som breoverflata, forklarer glasiolog Hallgeir Elvehøy i NVE.

– Tek ein vekk breen, så vil ein få eit fjellandskap der vasskiljet kan ligge annleis enn kva is- og vasskiljet ligg på breen i dag, legg han til.

Det er ikkje så dramatisk som at vasskiljet i Sør-Noreg vil endre retning, seier han.

– Det handlar mykje om fordeling av vatn mellom vassdrag. Tenkjer ein på Jostedalsbreen, er vasskiljet mellom Jostedalen på austsida og Olden og Jølster på vestsida. Viss breen blir vekke, kan det vasskiljet flytte seg, seier Elvehøy.

Hallgeir Elvehøy

KAN ENDRE SEG: Særleg ved store brear med store brearmar kan ein få endringar i vassretninga, seier glasiolog Hallgeir Elvehøy i NVE.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Glasiologen fortel at det kan vere snakk om ganske store areal der avrenninga endrar retning.

– Dei fleste stader er høgderyggen ganske lik is-skiljet under breen. Men særleg ved store brear der vasskiljet går mellom store brearmar i begge retningar, kan ein få betydelege endringar viss terrenget passar for det.

Veit ikkje korleis det er under breen

Forskarane er no i gang med eit prosjekt der dei skal måle kor tjukk Jostedalsbreen er, slik at ein kan finne ut kor mykje is det eigentleg er.

– Botnen under Jostedalsbreen er kanskje eitt av de største områda i Europa som enno ikkje er kartlagt. Så vi veit ikkje korleis det ser ut, seier Yde

– Når vi har gjort det, så kan vi begynne å sjå korleis breen beveger seg over tid i forhold til ulike klimascenario.

Han påpeiker at sjølve breen også har store konsekvensar for klimaet regional i området. Viss man for eksempel tar bort breen helt, vil nedbørsmønsteret endre seg i området, meiner forskaren.

Forskingstemaet vil nå finne ut kva for konsekvensar det har at breen minkar for det lokale klimaet rundt Jostedalsbreen og korleis dette påverkar lokalbefolkninga.