– Det var heilt fantastisk! Vêret var knall fint, alle song og var glade. Òg det gjorde oss glade, seier Vilde Hjelle rett etter at konserten er ferdig.
– Det var kjempe kult. Eg tenkte oi, publikum kan tekstane våre, seier Anna Naustdal.
Har vore på Malakoff før
Jentene har vore på Malakoff mange gongar før, men då har dei hatt andre roller.
– I fjor selde eg faktisk kaffi og bollar, seier Vilde.
– Eg vaska bord og pynta telt, seier Anna.
Før har jentene kosa seg ute blant folk og jobba, i år er dei artistar mange kjem for å sjå og ta bilete saman med.
– Det er litt sjukt når ein tenker på den måten. Vi var frivillige for å få billettar til helga og no står vi på scena. Det var jo kjekt og jobbe òg, men det er kulare å synge, seier Anna.
Vilde seier seg einig i at det er kjempe tøft å spele på Malakoff. Heimepublikummet til jentene såg også ut til å like seg i solsteika.
Sang nye songar
Jentene syntest det var artig å få synge dei nye songane sine.
– Ein handlar om at du må gi blaffen i kva andre måtte meine, og den andre handlar om at du må komme deg ut i finvêret og ikkje sitje med datamaskina, seier Anna.
– Mange bryr seg for mykje om kva andre har også set dei ikkje pris på det dei har sjølv, seier Vilde.
– Du er god nok akkurat slik du er, seier jentene.
Planar framover
– No skal vi skrive fleire låtar og spele dei inn. Vi skal også ha fleire konsertar i sommar, seier Anna.
– Vi gleder oss veldig mykje til vi skal til Mo i Rana på Verketfestivalen. Der har vi ikkje vore før, seier Vilde.
– Det er sikkert kaldt der, seier Anna.
– Vi får håpe det ikkje er det, svarar Vilde