Hopp til innhold

Forlengjer gult farevarsel for flaum på Vestlandet

Den mest intense nedbøren har truleg gitt seg for no, men det er meir i vente. – Nedbøren ser ikkje ut til å ville stogge, seier vakthavande hydrolog, Heidi Stranden, i NVE.

Mykje vatn i Jølstravatnet

HØG VASSTAND: Mykje nedbør kan føre til flaum og jordskred dei neste døgna. Biletet er frå Jølstravatnet tidlegare i haust.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Dei neste dagane er det gult varsel for flaum på delar av Vestlandet, medan jord- og flaumskredvarselet også gjeld Møre og Romsdal, Oppland og Vest-Agder.

Gult varsel er det lågaste varslingsnivået.

– Vi følgjer situasjonen tett og er i jamleg dialog med meteorologen. Førebels meiner vi det er grunnlag for å halde varselet på gult nivå, men vi har forlenga det til tysdag, seier vakthavande hydrolog Heidi Stranden i NVE.

Ny bølgje på måndag

Det regna godt fleire stader i går kveld og i natt. Våtast var det på Fureneset i Fjaler, der dei noterte seg for 44,4 millimeter av det våte element.

Nedbør vil prege søndagsvêret på Vestlandet, men minkar utover kvelden.

Frode Hassel

METEOROLOG: Eit nytt nedbørsfelt er på veg mot Vestlandet. – I går såg det ut til å vere mest byeaktivitet, men no ser det ut til å bli meir samanhengande nedbør, seier Frode Hassel.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

– Måndag kveld kjem det ei ny bølgje, med varmare luft og meir samanhengande nedbør. Det vil komme ein god del i Sogn og Fjordane, men kanskje vel så mykje i Hordaland og Rogaland, seier vakthavande meteorolog Frode Hassel ved Meteorologisk institutt.

Heile Vestland

Grunna dei venta nedbørsmengdene, vurderer også meteorologisk å gå ut med nytt varsel om store nedbørsmengder.

– Mengdene er usikre, men prognosen seier mellom 40 og 60 millimeter på 24 timar. Det er også verd å nemne at snøgrensa vil variere. Frå 600–800 meter i kveld og morgon, til 1000-1.200 meter natt til tysdag. Så vil den gå ned att tysdag morgon, seier Hassel.

– Kven er mest utsette for nedbøren?

– Eg vil seie alle tre vestlandsfylka. Ein prognose seier viser at Rogaland får mest nedbør natt til tysdag, medan ein annan seier Hordaland. Derimot ser det rimeleg sikkert ut at nedbøren heng lengst att i Rogaland, før den går over til byever.

Usikre mengder

Heidi Bache Stranden

HYDROLOG: Heidi Stranden i NVE fortel om mange gule varsel på Vestlandet dei neste dagane.

Foto: NVE

Varslingstenesta varsom.no melder no om gult farenivå for jordskred både søndag og måndag for Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. For dei same fylka er varselet gult for flaum.

Måndag og tysdag er det gult varsel for flaum i Rogaland.

– Nedbørsprognosane er usikre og spriker i alle retningar, men i løpet av natta har vi sett at vassføringa har auka mange stadar, seier Stranden og oppmodar alle til å halde seg oppdatert på varsla.