Hopp til innhold

Foreldre meiner skulenedlegging ikkje er gyldig

Foreldra ved Nessane skule boikotta eit orienteringsmøte med kommunen i går kveld. Bakgrunnen er at kommunestyret i Balestrand i desember vedtok å legge ned Nessane og Fjordtun skular.

Nesse skule

LOVLEGKONTROLL: Grendalaget og FAU ved Nessane skule meiner vedtaket om legge ned skulen ikkje er gyldig, og vil ha lovlegkontroll.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Ingen møtte opp. Det er varsla lovlegkontroll, og det vil seie at vedtaket ikkje er gyldig endå. Grendelaget og FAU har avvist møtet, fordi vi ser på det som ei legalisering av eit ulovleg vedtak, seier Ida Linde.

Alle foreldra ved Nessane skule søkjer ungane sine til Høyanger skule frå hausten, dersom skulen vert nedlagd. Det er det beste alternativet for både born og foreldre, seier Linde.

I desember gjekk kommunestyret med 12 mot 5 stemmer inn for å legge ned Fjordtun og Nessane skular i Balestrand, noko som utløyste tårer og kvalme blant foreldre.

Må bussast

Sagatun skule

VIL FLYTTE ELEVANE HIT: Elevtalet ved Sagatun skule i Balestrand sentrum har gått ned. Rådmannen vil busse også dei minste elevane frå utkantane hit, slik ungdomsskuleelevane blir i dag.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

13 elevar må bussast til Balestrand for å gå på Sagatun skule. Det har foreldra reagert på og meiner det blir for langt for dei yngste elevane.

– Dei har ikkje gjort dei rette prosessane i forkant av denne saka og vedtaket. Det skal vere høyring og utgreiing om konsekvensar, konsekvensanalyse. Ingenting er gjort. Vi har ikkje fått nokon tal. Det einaste vi har fått er ein sum for kva skulen her ute vil spare inn, seier Linde.

– Så de meiner at prøver å vaske hendene sine i etterkant av vedtaket?

– Det er det vi mistenker, og vi kjenner oss dårleg behandla.

Informasjonsmøte og lovlegkontroll parallelt

Rådmann i Balestrand, Kjellaug Brekkhus, meiner lovlegkontrollen kan gå føre seg samstundes med orienteringsmøta. Ho hevdar nedleggingane ikkje er endeleg vedtekne.
I dag skal ho etter planen møte foreldra Fjordtun skule, den andre skulen kommunestyret vedtok å legge ned.

– No får vi ta den informasjonsrunden som vi har lagt opp til, slik som prosessen skal vere. Prosessen vil gå vidare. Dette er ikkje avgjort på noko måte.

Meiner du at saka om nedlegging ikkje er avgjort?

–Ja, det meiner eg, fordi det er jo i den prosessen som skal gå føre seg framover no. Sp er det full høyring og nytt vedtak i kommunestyret 16. april, som då blir det endelege vedtaket.

Leiar for foreldreutvalet ved Fjordtun skule, Tore Feten, opplyser at boikott har vore diskutert også hjå dei, men at der per no ser ut til at dei vil stille på møtet med kommunen i kveld.