Hopp til innhold

Foreldre kalla inn til samtalar om omstridd lærar

Ein etter ein blir foreldre kalla inn for å fortelje om påståtte hendingar knytt til mobbing og trakassering frå ein lærar ved ein skule i Sogn og Fjordane.

Kritikk mot gymlærar

SAMTALAR OM LÆRAR: Foreldre blir denne veka kalla inn til møte med kommunen for å snakke om hendingar knytt til ein lærar ved ein barneskule.

Foto: Anders Furevik (illustrasjon)

– Eg synest det er beklageleg at vi har kome i ein slik situasjon. Vi skal gjere det vi kan for å opprette tilliten til skulemiljøet, seier kommunalsjefen i den aktuelle kommunen.

Over fleire år har foreldre varsla om ein lærar i Sogn og Fjordane. Om hendingar dei omtalar som mobbing av svake elevar og «straffemetodar» for elevar som ikkje presterte.

Ein av sakene førte til at læraren vart teken ut av klassa i eit skuleår og erstatta med ein vikarlærar.

Saka har vekt stor merksemd og ført til at kontrollutvalet i kommunen har gått tungt inn i saka.

Læraren vil ikkje kommentere

No tek også administrasjonen i kommunen grep. Etter det NRK får opplyst har minst 6–7 foreldre takka ja til samtalar, som blir gjennomførte denne veka.

Først og fremst for å snakke om hendingar og opplevingar knytt til den aktuelle læraren. Fleire foreldre har blitt spurd om å stille, men ikkje alle har takka ja. I møte med foreldra stiller kommunen med ein som utfører samtalane og ein referent.

– Vi forsøker å få underskrive referat både frå kommunen og frå den enkelte. Slik at vi har det som utgangspunkt for vidare saksbehandling, seier kommunalsjefen.

NRK har vore i kontakt med den aktuelle læraren, som ikkje ønsker å kommentere den siste utviklinga i saka.

Kommunen får kritikk

Fleire av foreldra som no blir kalla inn har tidlegare sendt skriftlege varslar om konkrete hendingar. Dei har også uttrykt kritikk mot kommunen for manglande tiltak mot den aktuelle læraren, som framleis er i full jobb.

– Vi skal vere audmjuke for at vi kanskje ikkje i alle samanhengar har vore like god på å forholde oss til den type varslar, seier kommunalsjefen, som viser til at regelverket har blitt stramma inn på dette området dei siste åra.

– Har ikkje skulen sjølv plikt til å gå inn i sakene?

– Ja, men det meiner eg skulen har gjort. Alle har ikkje kome direkte til oss med varsla, og da er det vanskeleg å behandle sakene som ikkje blir direkte meldt. Men på enkelte punkt har vi ikkje vore heilt på topp når det gjeld å hente inn nok informasjon.

NRK har snakka med enkelte foreldre etter at dei har vore inne til samtale med tilsette frå kommunen. Dei uttrykker tillit til det som no skjer, i motsetning til korleis prosessen har vore tidlegare.

Ikkje ei personalsak

Undersøkinga er ikkje ein del av ei personalsak mot læraren, men oppfølging av paragraf 9A i opplæringslova. Her står det mellom anna at skulen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

– Kan ei undersøking som dette føre til at personalsaka mot læraren blir teken opp igjen?

– Eg vil ikkje seie noko om kva undersøkinga kan føre til. Det må rett og slett saksbehandlinga vise.

– Korleis er det mogleg at læraren kan halde fram i stillinga, når det har kome så mange varslar mot han?

– Det vil eg ikkje uttale meg om ut frå personal- og tausheitsbelagte forhold, seier kommunalsjefen.