Hopp til innhold

Har fått fleire varsel om omstridd gymlærar

Fleire foreldre har varsla Fylkesmannen i Sogn og Fjordane om den aktuelle læraren, der dei fortalde om hendingar dei oppfatta som mobbing og trakassering. Utdanningsdirektøren vil ikkje seie kor mange meldingar han har fått.

Kritikk mot gymlærar

OMSTRIDD: Foreldre fortalde i går om opplevingane rundt ein gymlærar. Dei er fortvila.

Foto: Anders Furevik (illustrasjon)

– Eg kan diverre ikkje uttale meg om enkeltmeldingar eller enkeltpersonar, seier utdanningsdirektør John Ole Vange.

Over fleire år har foreldre varsla om ein lærar i Sogn og Fjordane. Om hendingar dei omtalar som mobbing av svake elevar og «straffemetodar» for elevar som ikkje presterte.

Utdanningsdirektøren seier eit tilsyn er strengt regulert. Der han ikkje har lov til å spørje om ein bestemt lærar.

– Fylkesmannen har ikkje mynde i forhold til tilsetjingsforhold når det gjeld enkeltpersonar. Det som er vårt mynde er tilsyn, klagebehandling, rettleiing knytt opp mot barnehagelova med forskrift eller opplæringslova med forskrift.

Fleire varslar

Dersom Fylkesmannen får fleire varslar på ein og same lærar, så kan det vere med på å avgjere kor det skal førast tilsyn.

– Det vil inngå i våre vurderingar når vi set opp tilsynsplanen, seier Vange.

– Kan Fylkesmannen gå inn i ei konkret sak dersom det kjem ei viss mengd klager?

– Det går ikkje nødvendigvis på klagetalet, her går det på kva opplysningar vi sit på – og kor er det vi kan sørge for at regelverket blir etterlevd.

– Kva slags spørsmål kan de da stille under det tilsynet?

– Det er systemtilsyn vi fører – ikkje individtilsyn på opplæringssida.

– Så de kan ikkje spør om ein konkret lærar?

– Når me går inn og har eit tilsyn, så er det på systemnivå vi har tilsynet.

– Men blir det da eit fullverdig tilsyn – i dei sakene de får førespurnader om enkelpersonar?

– I forhold til vårt mynde så går det jo på at skule og skuleeigar har eit forsvarleg system. Og det er på det nivået vi kan fange opp ting i tilsynssporet, seier Vange.

John Ole Vange
Foto: Eli Eikensæ Vengen / NRK

Ny mobbelov

Sidan 1. august vart det endringar i regelverket om skulemiljø. Elevar og foreldre som meiner skulen ikkje gjer nok for å stanse mobbing, kan ta kontakt med Fylkesmannen, som skal reagere raskt.

– Kan de kome med anbefalingar som handlar om personellmessing karakter?

– Me peikar i så fall på manglar vi ser i forhold til opplæringslova. Og så er det skuleeigar og skule som må rette opp dei tinga som har blitt peika på – og vise i bakkant at denne delen er retta opp, seier utdanningsdirektøren.