Hopp til innhold

Kallar inn til hastemøte om omstridd lærar

Det er kalla inn til ekstraordinært møte i kontrollutvalet i kommunen der ein barneskulelærar er skulda for vald og mobbing av elevar.

Sak om lærar

POLITIKARANE PÅ BANEN: Saka om den omstridde læraren ved ein barneskule i Sogn og Fjordane har vekt stor merksemd. No vil politikarane i den aktuelle kommunen gå inn i sakskomplekset. Illustrasjonsteikning.

Foto: Anders Furevik (illustrasjon)

– Vi vil vite korleis varsla i saka har vore handterte og om rutinar og retningsliner har vore følgde. Vi forventar at rådmannen presenterer saka så breitt og grundig som mogleg, seier leiaren i kontrollutvalet.

NRK fortalde denne veka om korleis foreldre i fleire år har varsla om det dei meiner er kritikkverdig åtferd frå ein lærar ved ein barneskule i Sogn og Fjordane. Historiene om læraren er fleire, og enkelte strekk seg tilbake i tid.

Valdssak vart lagt bort

Åtferda til læraren skal ifølgje foreldre ha ført til at enkeltelevar har uttalt at dei heller vil døy enn å gå på skulen. Andre skal ha gråte seg i søvn fordi dei kvidde seg til å treffe læraren. Enkelte elevar skal ifølgje foreldre ha fått høyre at dei er late, tjukke og feite. Som til dømes: «Ta å få den tjukke ræva di opp frå matta, eller så må eg dra deg ut av gymsalen».

Ei hending i gymsalen på skulen blir utgangspunktet for ei politietterforsking som varer i fleire månader, der den aktuelle læraren blir sikta for vald mot ein elev. Eleven hevdar han vart utsett for vald. Læraren avviser dette. Saka vart lagt vekk av påtalemakta «på grunn av bevisets stilling».

– Vondt å høyre historiene frå foreldra

Leiaren i kontrollutvalet fortel at han tek saka på høgste alvor.

– Det gjer veldig vondt å høyre historiene frå foreldra. Skulen skal vere ein trygg stad for ungane våre. Denne type åtferd frå ein lærar skal ikkje finne stad. Vi må finne ut av kva som har skjedd, seier kontrollutvalsleiaren.

Kan det ende med at den aktuelle læraren får sparken?

– Det har eg ingen meining om i dag. Det må vere administrasjonen i kommunen som må ta slike avgjerder.

NRK har spurt kommunalsjef og rektor ved skulen kor mange førespurnader, munnleg eller skriftleg, det til saman har kome på den aktuelle læraren. Utan å få svar. Den aktuelle læraren har fått framlagt dei ulike historiene frå foreldre og frå skuleleiinga. Han ønsker ikkje å kommentere saka.

Kan ikkje påverke saka

Rådmannen i den aktuelle kommunen seier til NRK at kontrollutvalet skal få ei brei innføring i saka.

– Eg synest det er flott at kontrollutvalet ber om å bli informert. Då får vi sjansen til å vise alle sider av saka. Dei kan stille spørsmål og vi skal svare.

Men å få informasjon er også det einaste kontrollutvalet kan gjere i denne omgang.

– Dei kan på ingen måte gå inn i saka, eller påverke utfallet, men det er eg heilt trygg på at kontrollutvalet vil ha ei ryddig haldning til, seier rådmannen.

Les også: