Hopp til innhold

Førde slo serievinnaren og berga plassen

FØRDE–KONGSVINGER 2–0 (NRK): Førde greidde det utrulege, dei slo den suverene serievinnaren og sikra ny sesong i andredivisjon.

Førde jublar etter å ha berga plassen

SLAPP JUBELEN LAUS: Førdespelarane jublar framfor heimepublikummet etter 2-0 sigeren mot Kongsvinger.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

– Det er fantastisk! Eg er imponert over spelarane som greier å avslutte sesongen på denne måten, seier ein rørt trenar Stig Nord.

Han vart henta inn på kort varsel då Torbjørn Glomnes trakk seg midt i sesongen. Poengfangsten etter trenarbytet var av den magre sorten og Førde rota seg ned i nedrykkssumpen med begge beina. Men etter ein fantastisk sluttspurt greidde dei å berge plassen med eit naudskrik.

Nord er stolt og glad, men feiringa blir av den sobre sorten.

– Eg skal heim att til Sogndal og på Bendit cup med minsteguten min i morgon. Det blir feiringa mi, men eg reknar med at spelarane markerer på ein eller måte, seier han.

Stig Nord

SPENT: Trenar Stig Nord ser ut som han mest har lyst til å vere utpå bana, enn å følgje dramaet frå sidelinja.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

Gjekk i strupen på serievinnaren

Førde møtte verst tenkjeleg motstand i kampen som skulle avgjere om dei greidde å unngå nedrykk. Kongsvinger var allereie seriemeister og leia divisjonen med tjue poeng på nærmaste forfølgar.

For Førde var oppgåva klar. Poeng ville sikre dei plassen. Med tap var dei avhengige av hjelp frå Rødde, eit lag som allereie var nedrykksklare. Dei måtte slå Aalesund 2, eit lag som kjempa med Førde om å halde seg i divisjonen.

Laget frå Aalesund tok tidleg leiinga i kampen. Dermed var det opp til Førde å gjere jobben sjølv.

Sikra ny kontrakt

Det gjorde dei til gangs. Allereie åtte minutt ut i kampen stanga Sindre Austevoll Førde i leiinga på eit innlegg. Førde pressa på og hadde fleire sjansar til å auke leiinga.

Trenarteamet jublar

JUBEL: Trenarteamet kan sleppe jubelen laus etter at laget har sikra plassen i divisjonen.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

Men førdetrenaren var ikkje nøgd med å gå til pause med eittmålsleiing.

– Vi må tørre å angripe framleis. Eg trur vi treng eitt mål til, sa Stig Nord då laga kom ut frå garderobane etter pause.

Som sagt så gjort. Etter to minutt dobla Thor Jørgen Spurkeland leiinga til 2–0. Det vart òg sluttresultatet og Førde har dermed sikra seg fornya kontrakt i divisjonen.