Hopp til innhold

Har beina planta i nedrykkssumpen, men trur slett ikkje at det går nord og ned...

Førde-trenar Stig Nord nektar å miste håpet, trass i at Førde har stø kurs mot nedrykk etter fem tap på rad.

Stig Nord

MOTIVERER: – Min jobb blir å motivere spelarane skikkeleg til dei fire siste kampane, seier Førde-trenar Stig Nord.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Vi har slett ikkje mista motet. Det står att fire kampar, og tek vinn vi dei, er vi framleis med. Men det er klart at dette er ein kamp vi ikkje burde ha tapt, seier trenaren for 2. divisjonsklubben.

Men tabellen talar sitt tydelege språk. Med 2–4 mot Strindheim i dag, rykte trønderane ytterlegare frå. Førde ligg på 10.-plass, med tre lag under seg.

Og korkje Aalesund 2 eller Molde 2, som ligg hakk i hel på Førde, har endå spelt sine kampar. Dersom dei vinn sine kampar måndag, hamnar Førde på tredjesiste plass på tabellen. Då er vegen til nedrykk kort.

Brukar lite krefter på det ein ikkje kan gjere noko med

Førde-trenaren vil ikkje fokusere på at både Aalesund 2 og Molde 2 kan komme til å nytte seg av sjansen til å forsterke laget med spelarar frå A-laget.

– Det brukar eg lite krefter på. Dei kampane kan vi ikkje gjere noko med, seier Nord.

Han innrømmer at det held hardt å motivere spelegruppa slik situasjonen er.

– Når ein får mange slag i trynet, tek det ikkje lang tid før det merkast på sjølvtilliten. Men eg er imponert over spelarane i dag. Dei står på og prøver, seier Nord.

Spenning til siste slutt

Kristoffer Iversen drog på seg eit gult kort i 71. minutt, og måtte sjå resten av kampen frå sidelinja på grunn av karantene.

– Når vi brått vart ein mindre på bana, vart det blytungt. Men vi kunne ha slått Strindheim med fullt lag, meiner Nord.

Neste kamp er borte mot Nardo, før Aalesund 2 kjem på besøk helga etter.

– Det blir spenning til siste slutt, kanskje meir spenning enn eg som trenar hadde ønska. Men det er fotballens natur, seier Nord.