Hopp til innhold

Førde slo topplaget Os

(HANDBALL): Handballjentene til Førde møtte i dag eit av topplaga i 2. divisjon på heimebane. Det vart ein tett og jamn kamp som til slutt Førde vinnar.

Øyvind Indrebø

FORNØGD: Øyvind Indrebø er trenar for handballjentene i Førde og er svært letta og glad over sigeren mot Os.

Foto: Alv Vidar Snæland

– Eg er veldig fornøgd med at vi vinn og veldig fornøgd med måten vi gjer det på, fortel Førde-trenar Øyvind Indrebø etter kampen.

Etter ein sesongstart der dei ikkje har fått den flyten dei sjølv hadde ønska, gjekk kampen søndag ettermiddag svært bra.

– Vi er gode i forsvar med godt målvaktspel bakerst av Camilla Stenseth. Framover er vi tolmodige, det er lite tekniske feil og vi spelar bra kollektivt mot eit godt Os-forsvar, oppsummerer Indrebø.

Motstandarlaget Os var klare favorittar før kampen i dag mot Førde. Laurdag spelte Os uavgjort mot eit anna topplag, Jotun. Likevel var det Førde som scora flest mål og kan vere fornøgde med ein 25–21 siger mot Os.

Letta og glad

– Kampen er jamn heile vegen. I ein god handballkamp er eg både letta og glad for at vi dreg sigeren i land, seier ein fornøgd Indrebø.

Første omgang vekslar dei med kven som var i leiinga med eitt og to mål og laga gjekk til pause med stillinga 11–11.

I starten av andre omgang får Os ei luke på tre mål. Då er stillinga 12-15, forklarar Indrebø.

Men frå 16–16 og utover er det Førde som har føringa i siste delen av kampen.

– Vi er i leiinga med 24–21 heilt på slutten og setter inn vinnarmålet i det tida går ut, fortel trenaren.

Laget har ein kamppause i oktober, så den tida skal dei bruke til å trene godt, fortel trenaren.

– Etter ein litt trøblete start er vi no definitivt på rett spor, men det er alltid noko vi kan bli betre på. Det som er viktig for oss no er å halde fram der vi slapp i dag og øve og trene for å prestere enda betre, seier Indrebø.

Tett i toppen

Indrebø seier det vert ein lang og tøff sesong, men at dei har heilt klart ambisjonar om å vere med i toppen.

– Det blir nok tett i toppen framover. Vi håpar at våre prestasjonar kan gjere at vi kjem i selskap med dei øvst på tabellen. Med dagens siger håpar eg og trur eg at vi har fått bekrefta at vi kan definitivt vere med der oppe, seier Indrebø.

Førde blei nummer fire i fjor. Og som eit resultat av hardt arbeid og god trening vidare framover håpar trenaren at dei i år kan klatre på plasseringslista.

– Vi er ikkje i utgangspunktet fornøgd med ein ny fjerdeplass. Vi håpar å vere med i toppen, men det blir beintøft å nå den målsetjinga.

Inspirert av fotballprestasjonar

Det er ikkje berre Førde sine handballjenter som gjer det bra. Herrelaget har lenge vore med i kampen om opprykk frå 2.divisjon og har gjort ein god sesong. Indrebø trur det gir meirsmak til heile idrettslaget.

– Det er ikkje tvil om at dei prestasjonane som Førdefotballen no gjennom herrelaget har prestert er med på å bidra til at vi ser at det er mogleg.
Det er med å gjere det enda kjekkare. Prestasjonane deira har nok vore med å vise at det går an å gjere det godt for oss også, seier Indrebø.

Sigeren i dag har gjeve laget endå meir sjølvtillit til nye kampar.

–Det var godt å vinne i dag. Vi er letta, og for å vere med i toppen var det viktig for oss å vinne. Med dei gode prestasjonane i dag får vi god sjølvtillit som vi tek med oss vidare.