Hopp til innhold

Opprykkssjansen rauk etter 4-1-tap

Etter å ha gjennomført ein god sesong har Førde lenge vore med i kampen om ein plass i 1. divisjon. Søndag tapte dei 4–1 mot Kjelsås, og trenaren ser ikkje lenger på det som ei moglegheit.

Knut Erik Folland, Førde Fotball

TOGET HAR GÅTT: Førdelaget ser langt etter opprykk etter søndagens tap mot Kjelsås.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Det kan vi berre gløyme. Det er for langt fram, konstaterer Førdetrenar Knut Erik Folland etter dagens kamp mot Kjelsås.

No vert det nok ein sesong i 2. divisjon for Førde-laget.

Ein svart strek over andreomgang

– Vi gjer ein ok førsteomgang synest eg, men vi burde setje eit par sjansar her.
Andreomgang setter vi ein svart strek over. Her forsvarar vi oss veldig dårleg, seier Folland.

Når laga går til pause er stillinga 1–0 til Kjelsås og Folland såg lyst på at dei kunne klare å ta Oslo-laget i andre omgang.

– Vi hadde fleire sjansar vi enn Kjelsås i førsteomgang. Andreomgang legger vi litt om i forhold til måten vi spelar på, men vi lykkast ikkje i det heile. 4–1 er eit kjedeleg resultat å få i mot oss no.

Men det gjekk ikkje slik. Kjelsås fekk raskt mål igjen etter pausen. Øystein Myrkaskog reduserer etter 64 minutt. Då er stillinga 3–1.

– Fekk oss ein lærepenge

Førde slepper inn tre mål på overgang og eitt mål på dødball i løpet av kampen, fortel Folland.

– Det er ikkje det vi er kjent for. Vi har vore gjerrige bakover og no fekk vi oss ein lærepenge på det vi eigentleg har vore ganske gode på i år, seier Folland.

Folland meiner laget ikkje klarar å opptre samla i dag.

– Vi beherska ikkje kampen i andreomgang i det heile teke. Dei ville meir og vinn fleire duellar og vi forsvarar oss ikkje god nok. Så vi gjer ikkje nokon god kamp og vi tapar fortent mot eit lag som er klart betre enn oss i dag.

Toget har gått

– No må vi berre nullstille oss til neste kamp. Vi har tre kampar att og vi har eit mål om vinne kvar kamp, seier Folland.

No er det seks poeng til toppen av tabellen, og Folland trur at dersom dei hadde vunne i dag hadde dei vore med opprykkskampen ei stund til.

– I forhold til å vinne avdelinga, så gjekk det toget i dag. Det har i grunn vore eit stykke opp, men vi får konsentrere oss om å vinne dei kampane som er att og heller telje opp poenga etterpå, seier han.

Folland meiner dei har gjort ein kjempesesong så lang, og er fornøgd med sesongen uansett om dei ikkje klarar å rykkje opp i år.

– Idag var vi ikkje gode nok. Så det må vi erkjenne og dermed jobbe betre dei neste kampane.