Hopp til innhold

Førde med pangopning på kvaliken

- Stemninga er mykje lettare enn i fjor, seier Førde-trenar Knut Erik Folland, tre timar før den viktige kvalifiseringskampen i Drammen.

Førde vann serien

Førde sikra seriegullet mot Høyang sist helg. I dag spelar dei om opprykk i Drammen.

Foto: Malen Vilnes / NRK

Førre helg sikra Førde sitt andre krinsmeisterskap på rad i 3. divisjon i Høyangar , og for andre året på rad i Drammen for å kjempe om opprykk.

- Vi hadde ei god treningsøkt i går, og fått kopla skikkeleg ut i dag med ein tur. Vi er spente, men meiner vi er godt budde, seier trenar Knut Erik Folland.

Kampen på Trelleborg Arena starta klokka 16. Du får scoringane heilt nederst i saka.

Beste vi møter

I fjor vart det 2-0 siger heime mot Åskollen , før det vart 1-8 i siste og avgjerande kamp på bortebane. Folland reknar Birkebeinaren som eit sterkare lag enn fjorårets motstandar, Åskollen. Åskollen skifta namn til Drammen før årets sesong.

- Det er eit godt lag. I sommar henta dei inn spelarar frå Mjøndalen, Stabæk og Strømsgodset. Det er truleg det beste laget vi møter i år. Dei har mykje rutine, men samstundes er også dei eit 3. divisjonslag, seier han om motstandaren frå Drammen.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER AVSTEMMINGA)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Trur ikkje på kollaps

Fjorårets totalkollapsen på bortebane enda med at spelarane gav seg sjølv fiaskopris under fotballfesten i fjor. Folland trur ikkje på reprise frå fjoråret.

- Om vi går på ein smell som i fjor, noko eg ikkje trur vi gjer, så er vi ikkje gode nok for 2. divisjon. Det er vi heller ikkje om vi taper samanlagt over to kampar, seier han og held fram:

- Vi må vere skjerpa frå første spark, og danne grunnlaget for å avgjere dette heime. Vi går for å vinne.

SLIK VAR KAMPEN